lørdag 12. juli 2008

Fantastiske LYST!

Eg syng i damekoret LYST, og no fekk eg så lyst å skryte litt og reklamere! Koret vart skipa i 2002, og var meint som eit "husmorkor" der songglede, moro og sosialt samvere stod i fokus. Då dirigenten vår, Nina Vedeld Telseth, byrja å sjå potensiale i koret vart det fart i sakene!
Ho legg vekt på eit reint klangbilete, og set store krav til presisjon. Resultatet har vorte eit "steikje bra kor" (sagt med ei viss fare for å vere inhabil...)! Vi syng jazz, sakralt, populærmusikk og atonalt. Kvart år set vi opp julekonsertar, ein tradisjon både vi songarane og tilhøyrarane våre set pris på.
Våren 2007 spelte vi inn ein jule-CD, "Fager er jordi", og den kan du sjølvsagt kjøpe med meg. Veit det er lenge til jul, men ha det i tankane. Det er ein stemningsfull CD.
Sommaren 2006 var vi med på Landssongarstemne i Trondheim, og hadde meldt oss på Midtnorsk korkonkurranse. Vi vann vår klasse i konkurransen, og det er vi sjølvsagt stolte av!
(dette biletet er teke under konkurransen)

Dei flotte bileta eg har lagt ut her er tekne i Skorgeura i Ørsta kommune, og det er bror til dirigenten som har teke dei. Som sagt, ta gjerne kontakt dersom du vil kjøpe CD`en vår!


4 kommentarer:

  1. Julekonsertar next? Me gler oss allereie!

    SvarSlett
  2. Så koselig!! Jeg elsker å gå på julekonsert:=):=) Stemningsfult og koselig opplevelse.

    Ha en fin søndag
    Klem

    SvarSlett
  3. Ja, det må vi se nærmere på.... en CD har ikke vært borte vekk i sommervarmen...
    Kommer tilbake når jeg har vært på Frikirka på møte!
    Klemmmmmmz imens.. ha det!

    SvarSlett
  4. Må berre få sei at CD'en er veldig stemningsfull og fin. Spelte den mykje for å få sving på julestemninga i fjor. Absolutt å anbefale!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!