lørdag 24. mai 2008

Tøff dame, tøff kamp - ei forteljing om mot, styrke og endelaus beundring.

Livet har det med å ta vendingar vi ikkje ventar. Ofte til glede, like ofte til sorg. Ingen av oss veit kva som ligg og ventar på oss. Makteslause lyt vi ta imot det livet byd på. Nokre må dessverre kjempe tøffare kampar enn andre. Må oppleve meir sorg, meir mismot og meir botnlaus fortviling enn andre. Vi kjenner alle nokre. Kanskje er du ein av dei sjølv. Ein av dei som vaker om natta, full av uro og bekymring. Ein av dei som veit at framtida er usikker og som legg all sin energi i å gjere kvar dag meiningsfull. Ein av dei som kjenner at livsmotet forsvinn og som har lyst å gøyme seg for kvardagen. Ein av dei som gret når ingen ser det.



Det er slike menneske vi må gripe fatt i, som treng at vi ser dei. Som treng eit ankerfeste når det stormar og bles. Eg kjenner ei slik dame. Ho kjempar ein kamp tøffare enn eg har forstand til å sette meg inn i. Ho kjempar for seg sjølv, og for han som har vunne hjartet hennar. I samanlikning med henne vert eg liten og kampane mine små og uviktige. Og i møte med henne vert eg feig og unnvikande. Vi snakkar om vèr og vind, ungane våre og om livets små og store trivialitetar. Men eg klarer ikkje å uttrykke det eg har aller mest lyst til å spørje om. Orda set seg fast i halsen og motet sviktar. Kanskje fordi eg skammar meg over all glede i mitt eige liv. Kanskje fordi eg fryktar svaret og er redd for ikkje å kunne hjelpe eller seie dei rette orda til trøyst. Eg ser sorga i auga hennar. Men eg ser òg det store motet og all styrken som openberrar seg når ho pratar. Energien som sitrar under huda og den endelause beundringa når ho snakkar om den kjæraste ho har.



Eg beundrar henne. Ord vert fattige i forsøket på å skildre kvalitetane hennar. Ho veit ikkje om kampen kan vinnast. Men ho veit at det er dei små augneblinka som er store. At det er dagen i dag som er viktig. Eg hadde vore eit mykje betre menneske om eg hadde litt av all styrken og motet hennar. Då hadde eg kanskje spurt henne rett ut om korleis ho har det, korleis ho taklar alt som skjer. Eg vil ikkje vere feig, eg vil at ho skal vite at eg bryr meg og har henne i tankane kvar dag. No må eg samle mot og rette opp att feila eg har gjort.

Kjære Du; som ein skinande vakker blome stråler du -
som eit symbol på livsmot og kraft.
Vi har alle noko å lære av motet ditt.
Måtte du vinne kampen.
Eg beundrar deg.
PS! Biletet øverst i innlegget har eg lånt av Lena Bratteberg, ein fantastisk hobbyfotograf frå Ørsta. Biletet har eit fantastisk uttrykk som eg meiner passar til forteljinga mi.

2 kommentarer:

  1. Nydeleg skrevet Tove.........
    Nydeleg...

    SvarSlett
  2. Veldig godt og sterkt skreve Tove, så vanskeleg å sette ord på ein slik situasjon, men det har du klart. Etter kvart har eg sjølv lært meg å tore meir, være meir open, også kanskje fordi eg sjølv har vore gjennom tøffe tider. Men alltid litt vanskeleg å vete kvar grensene til kvar enkelt person går, men det å vise at ein bryr seg og tenker på vedkomande er for dei aller aller fleste kjærkome å vete.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!