mandag 24. mars 2008

Påsketur i fjøresteinane!

Det er ikkje alle som smører sine ski og susar ned bratte lier i påskesola. Nokre av oss likar oss best i lavlandet, med lukta av sjø og fiskestang i umiddelbar nærleik. Ein av soldagane i påska pakka vi tursekk og rusla påsketur i fjøresteinane på Rjåneset. Det bles ganske kraftig, så piknikken vart noko amputert. Vi hadde ein flott tur i vårsola likevel, og ungane boltra seg både i
skog og fjøre.


Blide born og vaksne kosa seg i fjøresteinane!


Restane av ein gamal båt har drive i land.


Borna gjorde seg mange tankar om funnet i fjøra. Kvar kom båten i frå? Kor mykje uvèr har den opplevt? Har små ungar fått vore med på fisketurar med ein bestefar som skipper ombord?


Sina kosa seg i ei god og varm vogn. Trea strekker seg mot den blå himmelen. Vi kan allereie skimte grønfargen som vitnar om vår.

2 kommentarer:

  1. Så utruleg deilig med påske i fjøra!! Nokre av mine beste påskeminner er ikkje frå fjellet, men frå fjøra ut på Rjåneset og ute på Raudøya.

    SvarSlett
  2. Skjønne ungane dine... Ej eige no litt i dei ej også :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!