mandag 24. mars 2008

...om kortreist mat, Tupperware og store mengder snø!

Dei som kjenner meg veit at eg er stor tilhengar av lange middagar med mange rundt bordet. Påska er ei ypperleg høgtid for å samle slekta, noko eg skulle gjere 1. påskedag. På menyen stod det sirupsmarinert påskeskinke, og gjestelista bestod av syskena mine med familier og foreldra mine. Vi skulle vere 14 rundt bordet med stort og smått, og vertinna gledde seg stort. Allereie før ni var eg igong med potetskrelling. Små snøfnugg dala ned utfor stoveglaset, og påske-stemninga var til å ta og føle på. Det var berre det at snøfluksene vart større og større, og fleire og fleire. Eg skjønte fort at gjestane mine ikkje kunne ta seg opp med bil, så Terje gav lovnadar om å hente dei ned i bygda med "Halse-ekspressen" (les: Hiace med 4wd) slik at alle skulle kome seg tryg opp. Eg bur som sagt bratt og ulendt, og det ville ha vore uansvarleg å sende dei opp hit med bilar utan 4wd og lavgir. Huset var rydda, skinka pensla med sirup kvart 10. minutt og påskebordet dekka - vi var klar for storinnrykk! Men etterkvart som timane gjekk og snømengdene vaks, fekk eg streng beskjed med brøytemannen min om at det kanskje ikkje var forsvarleg å frakte dei opp med bilen vår heller! Han hadde vansker med å ta seg fram med traktor, og det å skulle vere ansvarleg for transport av andre ville han ikkje ta på seg. Då var gode råd dyre...

Svoltne middagsgjestar var allereie på veg, så no måtte eg tenke fort. Sjølv om foreldra mine sitt hus er ein einaste stor byggeplass for tida, vart dei likevel beordra dit. Det var ikkje anna råd enn å frakte maten ned i bygda. I mitt stille sinn sende eg ei raus takk til gode venninner som opp gjennom åra har lokka meg med på Tupperwareparty, for no såg eg at eit skap fullt av plastikk faktisk ikkje er så dumt! Maten vart omhyggeleg pakka og raskt transportert ned i bygda. Der hadde middagsgjestane mine benka seg på provisorisk vis rundt mamma sitt spisebord. Forhåpentlegvis fekk den gode maten dei til å gløyme malingslukt, plankegolv, sponplater og pussestøv. Eg kan sjå for meg at mamma hadde tent stearinlys og likevel klart å gjere det påskekosleg.

Så sat vi der; med same maten og same desserten, men på kvar vår stad. Det er ikkje ofte naturen set ein stoppar for daglegliv og levnad, men denne dagen vart 0,8 km ei litt for lang distanse. Det byd seg nok fleire høve for store middagar, det er vel snart vår?

2 kommentarer:

  1. Var til og med påskebordet dekka?? Stakkars Tove... Vi tenkte på deg for kvar bit som gjekk ned, og maten var, som vanleg etter å ha blitt forvalta av dine hender, heilt fantastisk.
    Ingen kan samle familien og skape matglede som du!!!

    SvarSlett
  2. Ja kva er det eg alltid har sagt: Tuppervare skal ein ikkje kimse av. No kan du sjå kor kjekt d var, kjem alltid til nytte eingong.

    Helsing forhenverande tuppervaredronning i Selje

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!