fredag 22. februar 2008

Tuppen og lillemor!

I dag har vi hatt besøk av systra mi Linda, og skjønne, blide Sannah! Dei kom tidleg, fekk lunsj, drakk kaffi og slarva - både vel og lenge! Siste åtte åra har syskena mine budd i Oslo/Bergen, men i år var vi så heldige at både bror min og systra mi bestemte seg for å ta med seg familiene sine og flytte heimatt. For ein stas! No treffast vi både titt og ofte, noko som sjølvsagt er kjekt for både store og små. Syskenbarnflokken tel fem born: Johan (8år), Ida (5 år), Frida (12 mnd), Sina (8mnd) og Sannah (4mnd). Må tru det vert livlig i bestemorhagen til sommaren, når alle fem skal springe rundt og kose seg med reiestativ, fotballsparking, bærplukking - og heilt sikkert ein og annan fantestrek!










Sina kosar seg med vesle Sannah! Sjølv om ein må rekne med litt lugging, biting og krangling om leiker, så vert nok desse frøknene bestevenner!












Er ho ikkje nydeleg??? Tenk å ha så tindrande auge og så deilige bollekinn! Det er stor stas å vere tante til eit slikt lite gull! Vesle Sannah er eit skikkeleg sjarmtroll som nyt all merksemda ho får! No må vi berre få heim vesle Frida, som har vore på 4-vekers ferie i Thailand! Vi har sakna dei så inderleg! Johan har hatt nedtelling på kalenderen og nesten slitt ut biletet av henne på mobiltelefonen.

2 kommentarer:

  1. Kor utruli skjønne dei e!! :)

    SvarSlett
  2. Ja, nydelege jenter:) Gler meg til fortsettelsen. No ventar vi berre på at Frida skal kome heim frå Thailand. Tippar super-tante Tove legg ut oppdaterte bilete av alle tre, eller fem, so snart Frida m/foreldre er tilbake på norsk jord.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!