fredag 22. februar 2008

Fredagslunsj!

Når det er fredag og ein får lunsjgjestar, er det kjekt å diske opp med ein lunsjrett som er enkel å lage, med få ingrediensar og som er ei garantert smaksoppleving! I dag bestemte eg meg for å servere pitapizza med kylling. Mamma og Linda var godt fornøgde med resultatet. Retten ser slik ut, og oppskrifta står under biletet:
Ta eit pitabrød, smør på tomatsaus - heimelaga eller kjøpt! Legg på steikt kyllingkjøtt i bitar og strimlar med raud løk. Over dette har eg litt sitronpepar - sitronen set verkeleg prikken over i`en! Topp med ost. Eg synest det er best når ein blandar ulike ostesortar. Min favoritt er riven cheddar og mozzarella. Dryss litt grasløk og flaksalt på toppen. Hugs at vi et like mykje med auga som med munnen, så det er viktig at det ser fint ut. Legg litt blanda salat og tomat rundt eit fat, slå over olivenolje og balsamicoeddik. Pizzaen legg du midt på - og vips, så har du eit fantastisk måltid som vil overraske dei fleste! Berre prøv, og legg gjerne igjen ein kommentar dersom du likar det!

3 kommentarer:

  1. Godt fornøgde? Me var storfornøgde!!! Så enkelt, og så godt. Men uansett kva du lagar, så klarer du å få til ein slags "special touch", som eg aldri får til når eg skal prøve å lage det samme sjøl...

    SvarSlett
  2. Tove du må legge ut fleire oppskrifter!!!

    SvarSlett
  3. Dette må eg prøve! Sjekk gjerne ut oppskriftsida på mi side også. Skal kome meir etterkvart.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!