søndag 23. januar 2011

Balletdraum….

Det er ikkje så lett å forstå at det framleis er tre år til ho kan byrje på ballettskulen. Ballerinadrakta er klar. Jenta er klar. Rosa tåspissko ligg og ventar.

ballett

Ho kastar lengselsfulle blikk kvar gong vi køyrer forbi ballettskulen. Ho ser dei små jentene som dansar bak dei store vindauga. “Mamma, er det lenge til eg kan danse ballett no?”. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har fått det spørsmålet, og kor mange gongar eg har skuffa henne med svaret…

ballett1

Vi får heller danse heime, trøstar eg henne med. Og det gjer ho! Frå tidleg morgon til seine kveld trippar ho rundt i balletdrakta si med tyll som står som ei rosa sky rundt henne. Så lita og lett, så stødige og vante rørsler. Du ser at det ikkje er fyrste gong ho gjer dette. Du ser gleda, håpet og draumen…

ballett2 Det er to og eit halvt år att til draumen kan realiserast. Enn så lenge så får vi smugkike i glasa på ballettskulen, halde danseshow heime i stova og takke alle kjekke folk som kjem inn dørene og ikkje har noko i mot å vere publikum.

ballett4

♥♥♥

Tusen takk, lille gullet vårt,

for at du gjer kvar dag til ei glede…

Bileta har eg lånt her, her og her og gitt dei ein liten “make-over”!

lørdag 22. januar 2011

torsdag 20. januar 2011

Fullmånepoesi….

“Fullmånen kikar inn glaset og lurer på om eg verkeleg har tenkt å sove. "Neida", seier eg. Han gliser lurt og stryk meg over håret idét eg sovnar og vert vekk for verda. Den kvite natta seglar sin eigen sjø og eg er blindpassasjer ombord.”

♥♥♥

Ukjent, trøtt poet.

fullmåne

Kanskje lyser fullmånen på deg i natt??? I så fall må du trekke i frå gardinene og sleppe han inn!!!

Biletet har eg lånt her.

mandag 17. januar 2011

Mest estetiske mammablogg!

I kveld vil eg presenter ein annan bloggfavoritt i Foreldremanualen si kåring av mammabloggar. Heidi, eller betre kjent som Fru Fly, er også ei jente eg har vorte kjend med som “5 om dagen”-ambassadør. Det er alltid litt skummelt å treffe heilt nye folk. men då eg traff Heidi var det som om vi alltid hadde kjent kvarandre! Så raus, så hjarteleg, så til stades! Den gode kjensla eg fekk i hennar nærvær er akkurat same kjensla eg får kvar gong eg er innom bloggen hennar.

stue4[1]

Dei rolege fargane, dei reine linjene og dei gjennomtenkte løysingane appellerer til meg!

bildevegg3[1]

Eg mistenkjer at Heidi er ein genuin estetikar med sans for detaljar! Eg fekk mange gode tips til korleis ein best kan dandere bileter i ulike storleikar då eg såg biletet over.

stue5[1] stue[1]

I tillegg til å ha ein vakker blogg er ho også dyktig til å ta bileter!  For nokre dagar sidan la ho ut fototips på NIB! Eg likar så godt dei sarte fargane på bileta hennar…

sunset8[1]

Skjønne Heidi er mamma’n til Marie og her er eit nydeleg bilete knipsa av dei to!

Dersom du vil stemme på Fru Fly og bloggen hennar, kan du gjere det her! Du kan stemme heilt til 29. januar! For å verte betre kjend med henne kan du kike innom bloggen hennar her.

♥♥♥

Tusen takk for at eg har fått verte kjend med deg, Heidi!!! Eg heiar på deg som den mest estetiske mammabloggen! Der er fleire andre bloggar som eg likar i den kategorien, men det er Heidi sin blogg som beste representerer den stilen eg likar!

PS! Heidi har gitt meg løyve til å låne bileta frå bloggen hennar!

One of those days…

Minstesnuppa er ikkje heilt i form i dag…

kos

Ho var litt slapp og ute av seg i heile går og har sove dårleg i natt. Mammahjartet vart uroleg og forstod nok kva som var på gong… I dag vakna ho med stygg hoste og rennande nase.

kos1

Då var det berre å innta sofaen, smokken og kosedokka. Vi får halde oss innandørs eg og ho i dag. Ta det med ro og lese bøker, sjå på barne-TV og ta att tapt søvn frå i natt.

kos2

Ho skulle mykje hellar ha vore i barnehagen og eg skulle helst ha vore på jobb, men vi måtte prioriter annleis i dag.

kos3

Precious child

♥♥♥

You are a wonderful creation,

special in every way.

You make our life

happy and meaningful.

We are so blessed to have you

in our lives…..

søndag 16. januar 2011

Inspirerande mammablogg!!!

Kvart år har Foreldremanualen kåring av dei beste mammabloggane! I fjor var eg så heldig å vinne kategorien for årets mest velskrivne mammablogg, og det var sjølvsagt kjempestas!!! No er det klart for ny kåring “Mammablogg Awards 2010”.

I kategorien mest inspirerande mammablogg har eg ein soleklar favoritt!

IMG_7230[1]

Jorid med den skjønne bloggen “Noe på hjertet ♥” er  berre 22 år. Ho og sambuaren har skjønne Thea Marie i lag. Jorid bloggar om mammalivet, om hus og heim, kjem med tips og idèar, viser nydelege bileter og inspirerer mange med det ho skriv.

Eg er så heldig at eg har lære henne å kjenne gjennom bloggen, men også i det “verkelege” liv. Vi er begge to “5 om  dagen”-ambassadørar og har vore ei helg i Oslo i lag. Jorid er akkurat så skjønn som ho ser ut! Ho snakkar reflektert og engasjert om små og store ting i livet og eg vart imponert over hennar vinnande vesen!

IMG_7317[1]

Ta deg ein tur innom bloggen hennar og sjå kor kosleg det er i heimen hennar og sjå bileter av skjønne Thea Marie som nettopp har vorte eitt år.

Dersom du vil stemme Jorid sin blogg fram som den mest inspirerande mammabloggen, så gjer du det her. Du finn henne under kategorien “Mest inspirerende mammablogg”. Du kan stemme til 29. januar.

Vil du kike innom bloggen hennar og kose deg ei stund, gjer du du her.

Heia Jorid – du har stemma mi ♥ !!!

PS! Bileta i dette innlegget er det Jorid som har teke, og ho har gitt  meg løyve til å bruke dei på bloggen min!

I morgon skal eg presentere ein annan favoritt i ein annan kategori!

lørdag 15. januar 2011

Det er ikkje blekkbokser alt som skramlar…

Ei enkel blekkboks kan godt verte den finaste vase for blomar! Ein beskjeden tulipanbukett takkar slettes ikkje nei til å få stå på stas i noko som tidlegare har vore bustad for hermetiske tomatar!

tulipan

Det er kjekt å kunne resirkulere og bruke om att!

tulipan2

Det er så fargerikt i butikkane for tida! Det er for øvrig eit paradoks at det er meir tulipanar og blomar på daglegvarebutikken enn på blomsterbutikken! Både eg og minstesnuppa var samde i at vi måtte ha rosa tulipanar til helga! Desse kjøpte eg i går, og då hadde dei stått tørre i butikken. Då la eg dei i kjøleskapet for oppbevaring til i dag! Pakkar du dei inn i litt avispapir kan dei faktisk ligge i kjøleskapet i mange dagar og halde seg akkurat like fine!

tulipan3

Ta ting og tang du har i skapet og bruk det til noko anna enn det eigentleg er tenkt til! Det er meiningsfylt å bruke om att!!!  Hermetikkbokser kan brukast til alt mogleg, og så er dei så dekorative!!!

tulipan5

Den flotte Ittala-vasen min måtte vike plass for tulipanane i dag og gi plass til favorittane mine! Det står kylling på menyen i kveld, og då må eg ha sitron og lime i store mengder!!! Deilige kyllingoppskrifter vert lagt ut på matbloggen min i løpet av helga!

fredag 14. januar 2011

Endeleg helg…

Sjeldan har ei helg vorte ynskt meir velkomen enn denne… Akkurat når vi trengte den! Akkurat så full av blanke ark som vi ville ha den! Akkurat så god som vi likar den!

helg

Så då er det berre å ta på seg ballerinadrakta og danse seg inn i helga!

♥♥♥

God helg til alle mine lesarar!!!

søndag 9. januar 2011

Vinterinteriør…

Når jula med alle sine varme fargar har forlatt stova, vert der ein slags stillstand. Noko må erstatte jula, og her i huset er det dei kalde og vinterlege fargane som får prege stova.

vinterinteriør

Klar blåfrgar som speglar den flotte vinteren ute.

vinterinteriør2

Ei lita frøken som står i glaset og drøymer om å få springe ut med den rosa sommarkjolen sin…

vinterinteriør1

Hunden var med meg overalt under fotoseansen i dag, og måtte sjølvsagt få vere med på eit bilete!

vinterinteriør3

Eg likar godt dei kalde fargane i kontrast mot det naturlege.

vinterinteriør4

Denne flotte lykta vart endeleg mi… Den lyser så fint opp i dei kalde vinterkveldane.

vinterinteriør6

Eføy er ei vårleg plante som pyntar fint opp i vintermørket.

vinterinteriør7

Turkise og blå puter i sofaen. Eg likar godt fargespelet her. Og i motsetnad til mange interiørbloggar har eg altså brun sofa – og er godt nøgd med det!!!

vinterinteriør8

Dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Dei er nesten finare no enni jula og eg har ikkje hjarte til å kaste dei ut!

vinterinteriør9

På skjenken har vi tre kampfiskar som stadig underheld oss på sitt underfundige og sære vis!

vinterinteriør11

Midt i alle desse kalde fargane unner eg meg ein kopp god, varm te. Teen heiter “Perfectly Pear” og er frå nettbutikken Happy Heart.

No kosar eg meg med levande lys og “Downton Abbey” på NRK…

Vårleg strikk!

Medan eg kosar meg inne i vinterkveldane, er det kjekt å ha eit strikk å styre med! Eg er nettopp ferdig med gensaren til tantegullet (den kan du sjå her), og er no i gong med ein tunika som minstesnuppa kan trippe rundt i til våren!

strikk

Det litt vanskelege vinterlyset gir ikkje heilt rett inntrykk av fargane. Tunikaen er stripete i fargane lyseblått, lysegrønt, rosa og brunt. Eg synest det er motiverande å strikke stripemønster, for det blir det litt variasjon!

strikk1

Tunikaen er strikka i “Tynn alpakka” frå “Du store alpakka”. Eg har strikka med denne tråden før, og det er ei fryd å sitje med så mjukt og godt garn mellom hendene! Som du ser er det litt snø på nøstet, og det er fordi ei vindkule kom og tok med seg strikket! Det fekk seg ein liten flygetur før det landa i ei skråning litt lenger nede! Sånn kan det gå når ein absolutt skal fotografere utandørs, hi, hi!!!

strikk2

Då eg kjøpte strikkeboka tenkte eg at eg aldri i verden skulle klare å strikke dette flettemønsteret, men etter heftig pulsvarmarproduksjon før jul erfarte eg at det slettes ikkje var så vanskeleg! Pulsvarmarane eg strikka ser du her.

strikk3

Slik skal det endelege resultatet verte! Denne strikkeboka frå Sandnes garn har utruleg mange flotte oppskrifter! Eg kunne ha tenkt meg å strikke alle!!!

No skal vi ut og nyte den vakre vinterdagen! Det er fem plussgrader, lettskya og tidvis glimt av sol!

Slikt likar vi…

♥♥♥

God søndag til alle!!!

lørdag 8. januar 2011

Naudløysing!

Eg skulle eigentleg vise fram det strikket eg har byrja på, men det vart aldri godt nok dagslys til å ta bilete i dag. Planen var også å vise litt småtteri frå stova etter at jula er rydda vekk. Men med skyming heile dagen er det ikkje godt å få tatt interiørbileter.

Ida

Då lyt eg ty til ei naudløysing og vise fram eit bilete av frøken midtimellom som har vorte stor jente… Tida går så altfor fort når ein ser kor ungane veks til!

Får håpe på klarvèr og opplett i morgon, slik at eg får tatt dei bileta eg har tenkt!

God laurdagskveld til alle!!!

Har du sett flottare sjarmør???

Eg er så heldig å ha mange små tantegull! Midt i flokken av jenter er skjønne, gode Felix. Etter å ha strikka stort sett rosa og lilla, bestemte eg meg for å strikke ein gensar til tantegullet mitt.

tantegull1

Gensaren har raglanfelling og er strikka i nydeleg alpakka frå “Du store alpakka”. Prosjektet var ei tolmodigheitsprøve for ein amatør som meg, for tråden var tynn og pinnane var tynne!

tantegull2

Eg må berre innrømme først som sist at det var den strikkekyndige mor mi som tok seg av siste delen av raglanfellinga og halsen. Det var godt å få litt avlastning, for det var krevjande å strikke med så mørk tråd!

tantegull

Det var så kjekt å sjå at gensaren passa, for eg var heilt sikker på at den skulle vere for liten… Felix hadde villeg på seg gensaren og sprada rundt i stova til bestemor med stolt mine!!!

Har du sett noko skjønnare???

fredag 7. januar 2011

Ja visst er det pizza!!!

Fredag er stort sett pizzadag her i heimen. Vi snakkar ikkje Grandiosa eller kjøpepizza, men trauste heimebaka greier!

pizza

Eg forstår godt at ungane lurte då dei såg alle grønsakene eg heldt på å hakke opp, og lurte veldig på om eg verkeleg hadde tenkt å ha grønsakssuppe på ein fredag! Det er berre det at når ein ryddar jula ut, så er der også restar i kjøleskapet som treng å ryddast ut! I dag laga eg ein “ta det du har”-pizza, og det vart utruleg godt! Eg laga heilt vanleg pizzadeig og som topping brukte eg : kokt skinke, cherrytomat, raud løk, paprika, purre, Cheddar, Jarlsberg og Norvegia!

pizza1

Fyrst eit lag med herleg pizzasaus, så nokre nevar ost, deretter alle ingrediensane og litt ost på toppen til slutt!

pizza2

Før eg steikte den risla eg over litt god olivenolje og strødde over litt Maldonsalt.

Eg treng vel ikkje seie at det

smakte fortreffeleg???

Det vart baka litt ekstra i dag som skal få fylle magane til dugnadsfolket i huset til bror min! Så blir det ein god kveld for arbeidskarane òg!

torsdag 6. januar 2011

Heimelaga knekkebrød!

Eg har trudd at det må vere supervanskeleg å lage sine eigne knekkebrød. Oppskrifter har florert i Blogglandia lenge, og rett etter nyttår tok eg sats og prøvde meg!

knekkebrød

Vesle frøken tre år var sjølvsagt sjefsbakar! Ho fylte i litermålet og blanda alle ingrediensane før vi til slutt slo over vatn.

Dette er oppskrifta vi brukte:

4 dl havrekli

2 dl store havregryn

2 dl solsikkefrø

2 dl sesamfrø

2 dl linfrø

2 dl grovsammalt rug

1,5 ts salt

8 dl vann

Forvarm omnen til 160 grader.

Bland alle ingrediensane. La røra svelle eit par minutt.

Fordel røra på to steikebrett kledde med bakepapir. Stryk røra jamt utover med slikkepott. Pass på så knekkebrøda ikkje vert for tjukke.  PS! Det kan vere godt å strø litt maldonsalt over knekkebrøda før steiking, men då er det lurt å kutte ut saltet i røra.

Set begge bretta med knekkebrød i omnen.  Dei skal steikje i totalt 80-100 minutt. Det er supert å bruke varmluft!

knekkebrød1

Viktig: Etter ti minutt tek du bretta ut av omnen og rutar opp knekkebrøda i passe bitar. Bruk pizzahjulet.

Følg også med undervegs i steiketida og la evt bretta bytte plass.

Eg lot dei tørke med steikeomnsdøra på gløtt siste 12-15 minutta av steiketida. Dette for å hindre at dei vert for godt steikt og for at all fukta skal sleppe ut.

Bryt knekkebrøda i frå kvarandre og  avkjøl på rist. Oppbevar i tett boks.

knekkebrød2

Knekkebrøda kan serverast med alt mogleg slags pålegg! Ungane vil helst ha kvitost og brunost, eg likar best skinke, kvitost, tomat, agurk og salatblad, medan husbonden gjerne et makrell i tomat på knekkebrøda! Eg er oppteken av at flest mogleg fargar skal vere på tallerkenen når ein et mat, så også når ein et knekkebrød! Når eg lagar kvelds får ungane som regel oppskora frukt som tilbehør, og agurk, paprika og tomat til å pynte skivene eller knekkebrøda med.

Knekkebrødoppskrifta fann eg på bloggen til Hanne. Takk for lånet!!!

Her i huset blir det fargerike knekkisar til kvelds – kva likar du best å ete til kveldsmat?

tirsdag 4. januar 2011

Når sant skal seiast...

...så er det framleis vinter ute. Det er slaps, regn, såpeglatte vegar, kaldt og mykje snø. Tung snø. Eg skulle gjerne ha ynskt at det var vår ute. At ungane kunne kle seg lettare og svinse rundt i lette kjolar og plukka inn vårblomar frå hagen. Men same kor mykje eg ynskjer det og vil det, så blir det ikkje vår enno. Snart, men ikkje enno. Etter ein kjapp rundtur i Bloglandia siste dagane ser eg at mange kastar ut jula og prisar våren. Eg er nok av den trauste og realistiske sorten, for eg meiner at ein ikkje kan prise noko ein ikkje har. Drøyme om vår kan vi! Lengte etter vår! Håpe på vår! Men enn så lenge så er det altså vinter.

Misforstå meg rett; eg set meg ikkje til dommar overfor dei som har vårkjensle i hjartet. Eg kan forstå at der er mange som har behov for å sjå den lyse årstida i møte. Som er lei av vinter, kulde og mørke. Som kavar med snø og dårleg føre. Eg kan òg ynskje meg til ein varmare stad når det snør som verst ute! Men noko i meg held likevel att. Eg meiner det er for gale å heile tida skulle gå rundt og gle seg til noko ein enno ikkje har. For meg er det rettast å prise kvar ein einaste kvardag!

"Våren kommer en gang i året, og vi ønsker den velkommen. Dagen kommer en gang i døgnet, men vi tar den som en selvfølge.", sa Margot Sandsmark.


Eg trur Sandsmark pirkar litt bort i ei sanning her. I staden for å vere så opptekne av det som kjem, så må vi prise det vi har. JA, vi skal gle oss til våren! JA, vi skal planlegge vårgarderoben, tenke på hageprosjekt og fundere på når dei fyrste vårteikna kjem! Men vi må ile sakte... Våren kjem, den, om enn ikkje så brått. Det er framleis ei stund til med vinter.

Vi kan framleis kose oss med levande stearinlys, ungar som kjem inn raude i kinna etter aking og og ski, vi kan koke kakao og gå på undretur under snøtunge grantre og vi kan nyte stillheita som kjem etter eit snøfall. Viktigast av alt er at vi erkjenner at det er NO vi er her, det er DENNE tida vi har.
Eg skal gjerne innrømme at juletreet vart kasta ut i går, men berre fordi det var fleire nåler på golvet enn på treet. Julestjernene og juleenglane skal få glede oss litt til. Og medan eg sit inne og kosar meg med eit strikk i sofaen og ser snøen dale, eller er ute og går tur med ungar og hund i slaps og sølevèr, så skal eg kose meg med stunda og nyte dei små augneblinka; ungane si undring over korleis ein snøkrystall vert til, den kitlande gleda når snøfnugga landar i andleta deira, den gode kjensla det er å kome inn i eit varmt hus etter å ha vorte kalde og våte i snøen, suget i magen når ein set seg på akebrettet og renn ned dei bratte bakkane, den gode innestunda med brettspel og kakao....
Alt dette skal eg nyte og ta godt vare på, medan eg drøymer litt om dei fyrste vårteikna...
"Det man forspiller av øyeblikket, kan ingen evighet erstatte."
* Friedrich von Schiller *
Bileta er lånte her og her.

søndag 2. januar 2011

Eg og Kongen!!!

Litt rar overskrift, kanskje, men det har seg nemleg slik at eg og sjølvaste Kongen er samde om svært mykje!

Kongen si tale

Eg trur Kongen si nyttårstale vert ståande som ei tale vi vil hugse for all framtid! Så visjonær, så raus, så folkeleg!

Denne ordskya inneheld ord frå Kongen si tale. Til større orda er, til fleire gongar har han  brukt dei i talen!

Eg stiller meg meg gjerne bak talen din, Kong Harald!!!!

“Vi må være det beste av oss selv!”

Heile talen kan du lese her.

lørdag 1. januar 2011

2011 – eit år for realisering av draumar…

Eg har store håp om at 2011 vert året der eg kan få realisert nokre av draumane mine. Nokre store – nokre små. Nokre som berre er viktige for meg sjølv – nokre som kan verte viktige for andre.

draum

Ein treng mot for å snakke høgt om draumane sine. Heve seg over at andre ikkje trur ein vil lukkast. Vende ryggen til dei som gjer alt dei kan for å knuse håpet. Ikkje nekte å gi seg, men stå rakrygga og tru på draumen. Det har eg lyst til. Det skal eg gjere. Og så kjem eg til å bruke energi på dei som ynskjer at eg skal lukkast med å realisere draumane mine.

draum4

Eg har lyst til å gå ukjende stiar. Ta val som kanskje gjer kvardagen min betre. Ha mot til å bryte opp frå kjende mønster og vanar, for så å gå det ukjende i møte. Det er så lett å gjere det ein alltid har gjort, tenkje det ein alltid har tenkt og handle slik ein alltid har gjort. Eg veit kva som må til, men må berre hente mot til å gjere det. Viktige personar støttar meg og seier at eg må prøve! Kanskje vert 2011 eit vegskifte for meg. Då skal eg i så fall ta på meg gode sko og rusle vegen med stødig fot, sjølv om der er humpar og svingar som eg ikkje hadde forutsett. Kanskje misser eg vegen av syne, men gode støttespelarar vil sørge for at eg kjem tilbake på rett spor. Det veit eg.

draum5

Eg har erfart at eg ikkje skal ha for mange lovnadar for det nye året. Tre små ord skal få vere rettesnora mi for 2011;

HÅP

TRU

MOT

Eg ynskjer alle eit nytt år fullt av moglegheiter og realisering av draumar. Gi aldri opp håpet, tru alltid at du vil lukkast og ha mot til å gjere det som er best for deg!

Nyt den fyrste dagen i det nye året!!!

Bileta er lånte her, her og her. Dei er redigerte av meg.

PS! Det vert ikkje årskavalkade frå meg for året som har gått! Eg skodar kun i ei retning,

framover!