Ida er glad i å pynte og vere kreativ. Særleg er ho glad i å pynte med ting og tang ho finn ute. I dag var ho på tur med bestemor og bestefar, og i fjøresteinane fann ho gåsungar. Mange greiner. Store greiner. Ho kunne sjølvsagt ikkje gå i frå dei!!!
Etter litt åleinetid på loftet kom ho ned og inviterte oss alle opp på påskeutstilling!
Ho hadde sanka saman alt ho fann av blomstervasar, plastikkblomar og nips og naps som minte henne om påske.
Gåsungane er ekte nok, men blomane er plast. Vakker kombinasjon likevel! Ida har skjønt det, ho!!!
Lille harepusen passar på! Dette kosedyret kjøpte ho for eigne pengar på Kremmarhuset, og snill som ho er deler ho den både med veslesystra og hunden!
Dette skjønne påskebroderiet kom ho heim med frå skule ein dag. Det er nok ei og anna kyndig og pedagogisk lærarhand som har hjelpt til, men eg set det like stolt på hylla og seier det er ho som har laga det! Eg fekk streng beskjed om at ho skulle ha det på romet sitt fram til ho tek påskeferie, men då skal eg få det ned i stova og pynte med det!
Når ein held utstilling må ein også pynte seg! Ida fekk seg ny skjorte for litt sidan. Vi gjekk inn på H&M og i alt mylderet av kle plukka ho seg ut denne skjorta. Den hang på eit tilbodsstativ og kosta berre kr. 30,-!
Trur vi likte den like godt begge to! Dei skjønne, blå blomane fekk fram sommarkjensla vår!
No drøymer ho om at eg skal strikke henne ein blå vest som ho kan ha til....
For å setje prikken over i`en, vart utstillinga avslutta med eit forrykande show av ablegøyer og dans - og tilskodarane jubla!!!
Ein liten piruett avslutta det heile!
Tusen takk, gode Ida mi, for at du inviterte oss på kunstutstilling med tilhøyrande show i dag! Og tusen takk til bestemor som tok deg med på fjøretur....
PS! Om du vil lese ei sterk og rørande historie, tek du turen innom HER i kveld...