søndag 24. juni 2012

Midtsommar ♥

Det er ikkje berre bålet, eller kostyma eller grillmaten som fortel oss at det er midtsommar og jonsok. Dei er dei tindrande barneaugene, alle dei vaksne som med barnleg iver har kledd seg ut og gler seg til lurvetoget. Det er dei gode sommarluktene og synet av markar fulle av blomar. Det er berre akkurat no at det er så mykje markblomar, så mange flotte fargar. Det er berre no at netter er ljose som dagar.
Det er akkurat no at ungane får kle seg ut som det dei vil. Vi er aller mest glade i gamle kjolar og hattar, eller kostymer som ungane har laga sjølv. I år ville 5-åringen vere sommarjente. Med sminke og blome i håret. Ein flagrande og fnugglett kjole gjorde henne til akkurat det; sommarjente. Så yndig og søt som berre ein 5-åring kan vere.
Storejenta vår er ein hardhaus. Tøff og uredd. Ho ville vere rockejente. Svart skinn og skummel sminke. Men trass alt dette mørke og skumle, såg vi likevel glimtet i auga. Ho er både snill og god, denne storejenta vår.
To små søskenbarn. Så glade i kvarandre. Så spent på kva jonsokkvelden skulle bringe. Dei plukka blomar, leika seg og heia på dei store som spelte jonsokfotball. Den gamle kjolen med prikkar på har vore med på jonsok før. Tenk om den kunne prate om alt den har vore med på... Jentene likar godt tanken på at bestemor brukte denne kjolen då ho var lita. At jentene i familien no brukar denne som jonsokkjole trur eg bestemora òg synest er stas...
Kva er vel jonsok utan ein tur på badestranda! Kvart år må vi avslutte jonsokhøgtida der! Ungane bada, sjølv om sola tidvis gøymte seg bak skyene. Dei fann nye vener, fanga krabber, kosa seg med frukt og god drikke. Det gjer ingenting at klokka går. At leggetida er der for lengst. På ein slik kveld må vi gløyme slikt og berre nyte. Nyte 
s o m m a r m a n n e n    m i n    ♥ 
s o m m a r p a p p a e n    m i n    


På veg heim frå badestranda plukka vi markblomar. Dei aller finaste vaks i grøftekanten. Eg fortalte jentene om at ein på jonsokkvelden må plukke ein bukett med sju ulike blomar, legge dei under hovudputa og legge seg til å sove. Om natta vil ein drøyme om kven ein skal gifte seg med når ein blir vaksen! Jentene såg på meg med forundring i blikket. Dei visste ikkje heilt om dei skulle tru meg! 

Nokre skjell fekk òg vere med heim frå stranda. Vi brukar å samle blåskjell og legge dei i fine krukker og Norgesglas. Det er så dekorativt å ha ståande ute om sommaren. 

Jonsokkvelden er over. Det er berre minna att. 
Nok ein gong hadde vi ein fantastisk jonsokkveld - med fantastisk familie, gode vener og nydelege ungar. At sola  skein heile kvelden og at det var lyst heile natta, var berre ein bonus! 


4 kommentarer:

  1. Så koselige bilder Tove:) ser ut som dere hadde en strålende kveld! Skulle ønske vi hadde like sterke tradisjoner her ute i forhold til denne kvelden;)
    Du har en nydelig familie!

    SvarSlett
  2. Herlige bilder med magisk og god stemning!

    Takk for alltid hyggelig kommentarer hos meg :)
    Jeg har et Canon kamera som jeg elsker og er totalt avhengig av!
    Canon 450d - jeg har kjøpt et ekstra objektiv og drømmer om flere...

    Stinemorklem

    SvarSlett
  3. hello!
    thank you for leaving such a sweet comment on my blog.
    yes, my father in law was a first generation to come to america from norway. my mother in law is from sweden.
    i have always wished to visit your beautiful country!!
    :)

    SvarSlett
  4. Koselig og stemningsfullt jonsokinnlegg :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!