torsdag 21. juni 2012

Er du glad i is?

Eg kjøpte meg ismaskin for litt sidan og har vorte heilt bitt av basillen! Det er utruleg kjekt å kunne lage sin eigen is; du får den smaken du vil , så mange kaloriar du vil og akkurat den konsistensen du vil! 
For å kome i gang kjøpte eg Eyvind Hellstrøm si bok "Iskremfabrikken" (akkurat no er den på tilbod hos haugenbok.no, ikkje gå glipp av sjansen, klikk her).

Den første isen eg prøvde å lage var ein klassisk vaniljeis. Eg tenkte at dersom eg får til den, så kan den antakeleg varierast i det uendelege! Oppskrifta finn du på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Klikk her om du vil sjå korleis eg gjorde det. 


Vaniljeisen vart særdeles vellukka! I helga er planen å eksperimenter med basilikkum og svart pepar. Og ja, det er meininga å putte det i isen, ja! 


Etter at vaniljeisen vart så vellukka, frista det sjølvsagt å utvide repertoaret. "Iskremfabrikken" har mange gode sorbetoppskrifter og vi prøvde den med jordbær. Eg brukte meste jordbær og så litt bringebær og blåbær. Eg har laga sorbet før, men då utan ismaskin. Det var sjølvsagt mykje enklare å gjere det med ismaskin! Oppskrifta på denne sorbeten vin du også på "På kjøkkenbenken"-bloggen min. Klikk her for å kome til innlegget.


Jordbærsorbeten vart pynta med fersk aprikos og blåbær. 

Siste dagane har "På kjøkkenbenken" vore mykje omtalt på ymse nettsider, mellom anna på sol.no. Det er sjølvsagt stas for ein beskjeden sunnmøring og det er kjekt å få så mange nye lesarar. 

"På kjøkkenbenken" er ein av hovudbloggane på matprat.no sine bloggsider, du finn meg i venstre margen og så kan du klikke deg vidare!

Velkomen til nye lesarar av matbloggen min!

1 kommentar:

  1. Mmmm, du anrettar så fint at ein får verkeleg lyst på isen du har laga:) Kjekt at du får så fin respons på matbloggen din, smakar rettane like godt som dei ser ut så er familien din heldig! Ønskjer deg ei fin, ny sommarveke.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!