ALT KVILER.
Det er noko med
lyset.
Det dunkle, litt kalde lyset som
aldri heilt byrjar
og som aldri tek heilt slutt.
Dagar utan ende.
Og lydane.
Dei lune, gode lydane.
Små føter som raslar i lauv,
vind som ular og
regn som dansar på ruta.
Det er som om
naturen har pakka oss inn,
vernar om oss.
Lagt oss under eit teppe
av mose og lauv
og ber oss om å spare krefter.
Eitt og anna lett snøfall.
Naturen har gått i dvale.
Alt kviler.
Dette er tida for å stresse ned.
Tenne lys og vere i lag.
Sjelene opnar seg.
Kroppen kviler.
Alt kviler.
Det er noko med lyset.
Det er noko med lydane.
Det er noko med november
som gjer at det er
godt å vere til.
Tove Halse Digernes, november 2010
Eg vart utfordra til å skrive eit dikt. Eit dikt til november. Sigrid med denne reflekterte bloggen inviterer til ei diktkonkurranse med tema “november”. Frist for å delta er 30. november. Diktet må sjølvsagt vere sjølvskrive, og aller formar og variantar av dikt vert heilt sikkert mottekne med takk og glede!
Dette var mitt bidrag, samansnikra i full fart ein sein måndagskveld.
Tek du utfordringa???
Gå innom bloggen til Sigrid og link til diktet ditt eller lim det inn i kommentarfeltet hennar.
Nydeleg, rett og slett vakkert..
SvarSlettHa flott november!
Heiiii Tove
SvarSlettAlt for lenge siden sist jeg var på besøk hos deg. Og takk for invitasjonen til å lese diktet ditt. For vakkert er det. Du skriver så nært og sanselig. Man fornemmer den novemberske atmosfæren gjennom ordene dine. Nydelig. Jeg leste den også på kommentarfeltet hos Sigrid og ble helt matt av ordene dine. Aldri hadde jeg trodd at jeg like november - før jeg leste diktet ditt ;-)
Ha en fin kveld.
Klem Marit
Hei :) lenge siden jeg har besøkt bloggen din nå..
SvarSlettOii for et nydelig dikt, ned nydelige bilde til. Kjempe flott:)
Du er dyktig:)
Ha en flott uke videre :):)
Hei !
SvarSlettNydelig dikt. Ja, det er noko med lyset i november.
Har titta innom deg før og eg kjem heilt sikkert igjen !
Ønsker deg ein fin november vidare :)
Nyyydeleg dikt!!! For meg handlar november også mykje om forventningar til høgtida kjem nærmare og nærmare. Det så smått lov til å byrje å glede seg i november. Kike såvidt i kasser med pynt og glitter og stas. Leite fram oppskrifter. Planlegge julekjensla for i år :)
SvarSlettJeg kommer ikke til å lage dikt - har selvinnsikt nok til å skjønne hvor jeg skal legge listen for meg selv :-) - men etter å ha lest noen dikt rundtomkring ser jeg klart at november har sine fordeler også!
SvarSlettHa en fin dag!
Trur ikkje eg tek utfordringa, nei, men diktet ditt er heilt nydeleg! Tenk at du kan det også! Eg likar at du skriv om november i positive ordelag, har ei kjensle av at mange her i bloggeverda ser på denne månaden som tung og trist, då gjorde det godt med ei motvekt:)
SvarSlettSå fint du skriver!
SvarSlettHerlige November!
SvarSlettBidraget ditt til Sigrids utfordring er nyyydelig!
SvarSlett-jeg tok også utfordringen, og oppfordrer andre til å gjøre det samme:-)
Eg kjende meg godt igjen i denne fine stemninga. Hjarteleg takk! Eg tillet meg å leggje ei lenke til diktet ditt frå bloggen min i dag, håpar det er ok.
SvarSlett