I dag kika eg som snarast innom bloggen og såg at besøksteljaren min har passert 200 000!!! Det er så artig at så mange er innom og les det eg skriv. Artig, men også litt rart. Rart at “alle” kan lese tankane mine, grubleria mine og kvardagspratet mitt i det sekund eg har publisert det. Det er også litt skummelt å gi “alle” tilgong til heimen min og familien min. Det kunne forresten aldri ha falle meg inn å legge ut blogginnlegg om soveromet mitt, eller altfor lettkledde bileter av ungane mine. Eg prøver å verne om det aller mest private og skriv ingenting som eg ikkje kan stå for. Eg har heller aldri lagt ut bileter av familie og vener utan å ha spurt dei fyrst. Eg vil ikkje at mine nære rundt meg skal tenkje seg redde kvar gong eg tek fram kamera, og tenkje at no hamnar dei vel på bloggen.
Ein har ofte lurt på kven i alle dagar som er innom og kikar på bloggen min. Nokre legg att spor i form av kommentarar på innlegga mine, andre legg seg til som følgarar og mange viser att på statistikken eg får kvar morgon. Eg mistenkjer at tre av dei som stadig er innom og kikar på bloggen min, er tre av mine gode venninner! Dei har aldri vore avbilda på bloggen min, men etterkvart har det kome spørsmål om kva tid det er deira tur å bli publiserte! Og sidan dette er eit slags jubileum, kan det passe med ei aldri så lita premiere! Her er altså dei tre flotte venninnene mine:
Dei kom på besøk ein herleg septemberkveld og måtte sjølvsagt forevigast framfor den vakre solnedgangen! Desse jentene har vore med meg gjennom tjukt og tynt i 25 år! Det er ikkje lite vi har delt desse åra; oppturar, nedturar, gleder, sorger, bekymringar, overraskingar og endelause besøk der latteren har runga!
Tilsaman har vi sett 15 born til verda og feira 4 bryllaup. Vi har 15 år med høgskuleutdanning som har lært oss å vere flinke med folk og 4 heimar har vorte skapt i 4 ulike hus. Eg er så utruleg takksam for alt vi deler, for alt vi kan prate om og for at tårer og latter er like velkomne!
Takk også til alle dei 200 000 som har vore innom bloggen min med jamne mellomrom! Det er tilbakemelding frå mange av lesarane mine som gir meg inspirasjon til å halde fram med blogginga.
Etter to år med blogging, meir enn 600 innlegg og 200 000 besøkande set eg framleis pris på at folk stoppar meg på gata og seier at noko av det eg har skrive har rørt dei og gitt dei noko å tenkje på.
Blir nok å finne her inne litt til, ja….
Fant bloggen din for første gang i kveld jeg, etter en litt kjedelig kveld fant jeg ut at en bloggrunde er perfekt tidsfordriv :)
SvarSlettGratulerer med 200 000 besøk, og lykke til videre med bloggingen :)
Alltid like trivelig å lese i bloggen din :D
SvarSlettha en fin natt
/myr
Det er ikke så rart at du har haft så mange besök hos deg.
SvarSlettDu skriver så flott og så har du så mange utruligt flotte bilder.
Sier ett stort grattis til 200 000 besökerar hos deg.
Vi kommer tilbake veit du.
Klems Synnöve.
Gratulerer med så mange hyggelige besøk.
SvarSlettAlltid hyggelig å stikke innom bloggen din.
Klem Lykkeliten
Gratulerer Tove! Kjempekjekt me jentekveld då
SvarSlettStå på me skrivinga, det e nåke du kan. Alltid kjekt å lese sjølv om ej ikkje alltid legg igjen spor. ;)
Gratulerer Tove! Kjempekjekt me jentekveld då
SvarSlettStå på me skrivinga, det e nåke du kan. Alltid kjekt å lese sjølv om ej ikkje alltid legg igjen spor. ;)
Gratulerer med høgt og fortjent antal besøk! Er sjølvsagt glad du vil halde fram litt til, er snar innom når du har posta noko nytt. Kjekt med hjartenære venninder, flotte damer alle dissa tre ;) Apropo flott, FOR ei fenomenal utsikt de har!! Ynskjer deg ei god veke!
SvarSlettTusen takk for koselig kommentar på bloggen min, og så koselig at du vil følge meg! Helt enig med deg -det er noe med å kjenne på garnet og se fargene "live". Vet jo at blant annet 123 knit har samme type garn billigere, men jeg må "se litt med hendene" når jeg kjøper garn!
SvarSlettTakk for fine ord Tove, trenger dere, klem.
SvarSlettHei :) ikke noe rart at du har så mange besøkene på din blogg... du skriver jo så godt og er så flink til å utrykke deg.. og masse fine bilde har du også.
SvarSlettSå kjekt å ha så gode venninner som en kjenner så godt...
Ha ei flott helg :):)
Klem fra Evelyn