søndag 19. september 2010

Tove treng hjelp til tre ting…

I dag er eg ute på friarferd med spørsmål som eg gjerne vil ha hjelp av lesarane mine til å løyse!

Spørsmål 1:

Oliventre-350b

Eg fekk meg eit nydeleg oliventre med mi kjære venninne AM til bursdagen min. Treet har stått inne i to veker og no har det fått nokre gule blad. Bør treet stå ute? Treng det masse lys? Kor mykje bør det vatnast? Likar det best å stå varmt eller trivast det best i kjølige omgjevnadar??? Eg veit at mange bloggarar har oliventre rundt omkring i husa sine, og eg treng altså hjelp av ekspertar for tips om korleis eg best skal ta vare på mitt!

Spørsmål 2:

oliventre1

Eg har så mykje herleg tråd liggande som eg har lyst å bruke til små og store julegåver. Blant anna har eg lyst å strikke eit trekantsjal. Røynde strikkarar der ute veit sikkert kva eg meiner! Det må vere veldig enkelt og helst berre i rillestrikk. Har nokon der ute ei enkel oppskrift til ein enkel strikkar?????? Eg blir veldig takksam for hjelp!

Biletet av dette trekantsjalet fann eg på google.com, men no finn eg eg ikkje tilbake for å legge ut kjelde!!! Så om du som har strikka dette plutseleg ser sjalet ditt på bloggen min, så må eg på førehand beklage at eg har lånt det utan å lenkje til deg…..

PS! Om nokon har tips til nettstadar der eg kan få tak i strikkeoppskrifter frå Færøyane, så blir eg strålande glad! Eg veit at dei verner godt om kulturskattane sine, men kanskje nokre spennande oppskrifter likvel er å finne der ute???

Spørsmål 3:

oliventre3 oliventre2

Eg har så mange fine smykker liggande som eg ikkje lenger brukar fordi kjedet har vorte både smussete og matt. Spørsmålet mitt er korleis eg best kan reingjere smykkjekjeda sjølv. Eg kan heilt sikkert levere det inn til rens på gullsmeden, men der må vel vere enkle måtar der ein kan gjere slikt sjølv????

Dersom nokon der ute kan hjelpe meg med desse tre spørsmåla blir eg kjempeglad!!!

Tusen takk!!!

13 kommentarer:

  1. Hei :) her var det mange spørsmål. og jeg kan i grunnen ikke hjelpe deg med noen av disse... tror jeg.. men i denne bloggverden så er det mange som kan både og strikke og mye om planter... og trekantsjal og oliventre har vært ommtalt flere plasser det hvet jeg...

    Har flere på blogg lista mi jeg som er veldig glade i å strikke ...

    Når det gjeler smykkene... kansje du skal prøve zalo og vann...

    Ha en fin søndag :)

    Klem

    SvarSlett
  2. Heisann Tove og ein god søndag til deg frå meg:-))

    Når det gjeld oliventre så har eg rett og slett ikkje peiling - men dette er vel eit tre som trivst og veks i syden så det spørst om du må prøve å lage kretaklima inne hos deg sjølv:-)

    Mange fine sjal og andre strikkeoppskrifter på www.garnstudio.com

    Eg har brukt å lage ei blanding av zalo og vatn som eg kokar opp og legge sølvsmykka i.

    Klem

    SvarSlett
  3. hei tove,jeg prøver igjen, har skrevet dette et par ganger nå mn får bare opp error 503 når jeg trykker pupliser så en siste gang, hva vet jeg kansje du får dette 2 ganger nå tjhiii =)
    sprm 1 jeg dusjer mitt oliventre og det står lyst mn ikje i sol og det ser ut til å trivast.
    sprm 2 her er et enkelt sjal i rilestrikk. legg opp 3m, strikk frem og tilbake og legg ut en maske i begynnelsen av hver omg, den hekla tunge kanten hekles slik, 1 fastmaske, 5 staver i samme maske(kan ha fler om du vil) 1 fastmaske i neste maske,gjenta dette hele veien rundt, så er du i mål, når jeg lager slike sjal bruker jeg gjerne ett pnr større enn garnet anbefaler =)
    sprm 3, jeg legger mine smykker i zalovatten funker kjempe fint =) lykke til =)

    SvarSlett
  4. Skal hjelpe dej litt me sjal å smykke.
    Sjal: legg opp tre maska, auke en maske på kvar ny omgong. Vanleg rettstrikk, verte fine riller:) viss du vil kan du strikke to vrange midt på slik at du "deler" sjalet på midten. vert fin effekt.

    kok opp to ss salmiakk i 6dl vatn og ha i ei ss zalo, legg smykka i og børst dei med ei mjuk tannbørste. Eller du kan kjøpe ei boks med pussefiller på Bjørklund. Dei er veldig bra, og varer lenge :)

    SvarSlett
  5. Svara dej her ej;)
    Ej bruka same teknikken på babyteppe, å ej bruka rundpinne. Sunst d e enklast. Strikk dissa tre fyrste, når du snur strikket, so legge du tråden over pinnen du skal strikke inn på, då fe du ei "løkke" eller ka ej skal kalle det, det blir den nye masken, so strikka du dei tre neste vanleg rett. Når du no snur igjen å skal bjønde ny omgong so gjer du det på same måten. Lag ein ny maske kvar gong du snur strikket...vanskeli å forklare, men veldi veldig lett å strikke. Helde på me et babyteppe no, kanskje ej skal filme å legge ut på bloggen. då verte det litt lettare å sjå kanskje. :) Håpe du forstår nåke ta ditte då;)

    Takk for bildekommentar. Monge fine bilde, men kan ikkje bruke alle:) Trur bilda vise godt at me he vore i lag lenge å e veldi trygge på kvarandre. Å at me sette pris på endeli å få gifte oss :)

    SvarSlett
  6. TUSEN TAKK for koselig hilsen på den nye bloggen min!

    Ha en fin søndagskveld!

    Lena

    SvarSlett
  7. Hei!
    Eg har eit lite Oliventre som eg har hatt i eit par år no og som trivast godt. Treet mitt står i vinduet på kjøkkenet ,altså lyst og i vanleg romtemperatur gjennom heile vinteren. Om våren sett eg det ut om dagen og tek det inn igjen om kvelden ei periode (klimatisering) før eg sett det ut for sommaren. No har eg akkurat tatt mitt inn igjen for vinteren- og det står fullt av nye skudd og knuppar. Treet mitt får ein skvett vatn ca ein gang i veka når det står inne.
    Lykke til!

    SvarSlett
  8. Trekant-sjal i rillestrikk: Boka "Strikk til Nøstebarn" av Kathrine Gregersen har oppskrift på et enkelt, men vakkert sjal i tynt garn (s 129). Du trenger jo ikke bruke Nøstebarn-garn, tynt garn fra f eks Rauma eller Hifa funker helt sikkert fint også. Og for å gjøre sjalet ekstra dekorativt, kan du (eller en hjelper :-) hekle f eks en picot-kant rundt. Ellers har denne boka mest oppskrifter for baby/barn. Er forresten på nynorsk (Samlaget). Anbefales!

    Sølvpuss: Bakepulver er kjerringrådet jeg selv har fått! Minst mulig skadelig kjemi! Jeg fant en nettside med framgangsmåte: http://blog.ecoetsy.com/2010/08/letting-nature-work-for-you-part-i-baking-soda-vinegar-and-lemon-juice/

    SvarSlett
  9. Hei
    Du har jo fått svar på det meste, men eg vil tipse deg om trekant-sjal som er hekla med kjærlighetsknutar. Framgangsmåten finn du evt på youtube. Og det beste av alt - det går fort :-) Eg har laga ein haug av desse. I alpakkagarn :-) Deilig og varmt. Eit eksempel (i grønt silkegarn) http://hanneespe.blogspot.com/2008/08/flagrende-silkesjal.html

    SvarSlett
  10. Hei Tove!

    Eg har vore utan datamaskin fryktleg lenge, men er no i drift igjen :-) Eg oppdaga eit spørsmål frå deg ang songen. Det er "Du er ein blome i Guds hage" av Sølvi Helen Hopland (Ulvesund Fyr) Eg har tekst og notar, men det er muleg du finn det på nettet. Eg har kjøpt songboka ho ahr gitt ut. Ho lagar fantastiske tekstar!!

    mvh AIna

    SvarSlett
  11. .......er det sølv i kjedene?
    Da kan du legge aluminiumsfolie i kjøkkenvasken din, helle i en ss salt og en ss zalo - og helle i lunka vann. Så legger du de i - og de renses veldig fint! (pass på at det ikke er oksyderinger som skal være der...) Denne måten pusser jeg sølv på til jul og det går unna på null komma svisj!

    Naboen min har oliventre - ho tar dem inn nå snart (sept/okt) - de står i et mørkere hjørne av stua - og får vann nå og da gjennom vinteren (litt sånn når ho husker det)..... - det er en del info på nettet. "overvintre oliventre" - så fant jeg noe.

    Tone

    SvarSlett
  12. Heia :)

    Eit gammalt kjerringråd til bunadsølv er ein skvett zalo , ein skvett eddik blanda i vatn og legg i smykka, lat ligge ei stund, skrubb med ein svamp og vips er dei skinande blanke:)går heilt sikkert på smykka dine også!

    AG

    SvarSlett
  13. Når det gjelder smykker kan du enten bruke zalo og vann. La smykkene stå i vannbad en liten stund før du gnukker sv smusset.

    Eller... Du kan være lat og gjøre som meg, jeg har brukt 100kr på smykkerens fra en gullsmed. Det er en slags kopp med lokk som inneholder rensende stoffer (lukter ikke godt) og ei korg/sil.

    Du legger smykket nedi korga, senker den nedi, lar det virke i 30 sek-ett min, tar det opp, skyller i kaldt vann, tørker, og VOILA! Smykket er rent og pent! Jeg bruker det på smykket jeg fikk i morgengave fra mannen min <3

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!