Tenk å vere 5 år og springe barrbeint i graset, medan sola kitlar ein i nakken og heile verda er full av lukke! Tenk å endeleg ha fått seg ein flunkande ny sommarkjole, som eigentleg skal vere kun til best, men som ei snill mamma let ein få lov til å bruke på ein vanleg kvardag – berre fordi ho veit at det er akkurat det ein 5-åring ynskjer seg aller mest på jord!
Kjolen minner om jordbær og solskinsdagar, om ballongar som dansar i vinden og om ein fantastisk sommar som aldri tek slutt…
Denne skjønne kjolen var ein gong mamma sin. Den er meir enn 50 år gammal, men det herlege mønsteret er midt i blinken for småjentene mine! Kjolen ligg i ei kasse på mamma sitt loft og vert leita fram kvar jonsok. I år var det minstesnuppa vår som fekk bruke kjolen, sjølv om den var litt for lang for henne! Eg forstår godt at det er lett å forelske seg i denne kjolen… “Mamma, den minner meg om godteri!”, sa minstesnuppa då ho fekk den på seg!
Litt stor i augene over alle rare kostyma, men likevel så skjønn i kjolen sin…. Den nydelege jonsokkvelden vart akkurat slik vi ynskte det, varm, minnerik og masse bygdafolk som samla seg på bålplassen!
♥ ♥ ♥
Og den gamle kjolen fekk nok ein gong flagre i sommarvinden!