fredag 2. juli 2010

Bursdagpappa!!!

I dag har vi feira pappaen i huset!!! Det vart endeleg ein dag med sol og varme, noko som passa fint til bursdagsfeiring!

Terjebursdag

Desse herlege hendene stod klare til å gratulere papsen med dagen! Og skjønn som ho er klarte papsen sjølvsagt ikkje å motstå invitasjonen til kos…

Bursdagsterje1 

Det er bra at pappa aldri er redd for å ta imot kos og klem, same kor skitne ungane måtte vere!

Bursdagsterje2

Bursdagsgåva til husbonden vart ein gensar som eg har strikka sjølv. Gensaren skulle eigentleg vere til sonen vår på 10 år, men noko gjekk gale på vegen… No passer den altså til mannen min!!! Eg trur han vart glad for gåva!!!

bursdagsterje4

Det var årets OL i Vancouver som inspirerte meg til å strikke akkurat denne. Eg forstod ikkje at eg tok meg vatn over hovudet då eg starta på prosjektet – eg er trass alt berre ein nybyrjar!!! Men med god hjelp frå ei snill mamma vart gensaren ferdig!

bursdagsterje5

Her poserer bursdagspappaen med finegensaren sin! Sommaren her på Sunnmøre har vore kald og grå så langt (med unntak av i dag), så tjukkegensar er naudsynt tilbehør på turar med grilling i fjøra i seine kveldstimar!

Bursdagsterje3

Gratulerer så mykje med dagen, kjære Terje min ♥♥♥ !

7 kommentarer:

  1. fin pappa og fin genser! Eit godt fjes og gode auge - heldige du. Blei rørt av heile innlegget eg c",)

    SvarSlett
  2. Minstejenta ligna på pappaen sin ihvertfall:)

    Gratulerer

    SvarSlett
  3. Så fin gensaren blei - du er herved ingen nybyrjar lenger. Berre drevne strikkedamer fiksar slike plagg :-)

    Gratulerer med bursdagsgutten. Han kledde presangen sin :-)

    Ein liten "give away" på min blogg, om du er interessert...

    God helg!

    SvarSlett
  4. kor fine genseren vart til ein fine mann ;)
    grattis

    SvarSlett
  5. Heldig bursdagspappa som har fått så flott genser!!

    SvarSlett
  6. Smeis kor flott!!! Grattis me overstått dag i hærli genser!!!
    ...lure på om min Ol-genser verte ferdig...kanskje til neste vinter-ol??

    SvarSlett
  7. FOR en utrolig flott gave!!! Laget rsonlig og med kjærlighet og omtanke:)Kan ikke bli bedre.....den var utrolig flott, lekre farger!!
    Gratulerer med overstått dag til en flott kar!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!