lørdag 15. september 2012

A bowl of sunshine ♥

Eg er så glad i keramikk. Særleg når det er ei historie bak eller at eg kjenner kunstnaren. Eg er så heldig å kjenne Rolf Vatn, ein keramikar frå heimstaden min. Han var heimkunnskapslæraren min då eg gjekk på ungdomsskulen og siste ti åra har eg vore så heldig å få jobbe på same skulen i lag med kona hans, Inger. Eg har mykje Rolf Vatn-keramikk og noko av det kan du sjå i dette innlegget (scroll litt ned, serviset er gult).

Ein seinsommardag i august var eg og familien på Nilsbuda på Sæbø, der dei sel lokal kunst og lokale spesialitetar. Eg visste at nokre av Rolf sine produkt var til sals der og då den knallgule skåle lyste mot meg frå butikkhylla, visste eg at den måtte vere med heim!

No står den på kjøkkenbenken og lyser opp kvardagen min! Når sola glimrar med sitt fråvær ute, så har eg min eigen "bowl of sunshine" inne! Av og til er det tomatar i den, andre gongar sitron. Og i dag er det laurdag og då skal skåla fyllast med litt godis som ungane skal få kose seg med! 

Nilsbuda ligg på Sæbø i Hjørundfjorden - verdens vakraste fjord! Du kan lese meir om både Nilsbuda og Hjørundfjorden her

4 kommentarer:

  1. Lekker keramikk!:)Hilsen fra Humlehagen:)

    SvarSlett
  2. Nydeleg keramikk! Vi har visst hatt same heimkunnskapslærar!

    SvarSlett
  3. Herleg skål! Og artig at du omtalar Hjørundfjorden som verdas vakraste fjord, for det står det på eit bilde eg akkurat la ut på bloggen min:)) God helg til deg,eg er i Kvivstunnelen i morgon!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!