onsdag 9. mai 2012

Ein god start på dagen ♥

Eg har lært ungane mine at dei aldri får hoppe over frukosten. Vi veit alle at frukosten er motoren som set i gang kroppen og gjer oss klar til å ta imot dagen. Ungane mine er ikkje mjølkedrikkarar (har div. allergiar og intoleranser i familien), men eit glas vatn eller juice til maten er viktig.

Sjølv om eg passar på at ungane får i seg frukost om morgonen, så er frukoststunda i heimen slettes ikkje eit glansbilete. Dei står ofte med skiva i handa fordi vi har dårleg tid, matpakken blir ikkje alltid pynta og dekorert med friske grønsaker og mor spring ofte rundt og passar på at ranslane er pakka, at barnehageklea leitte fram, at brillene er pussa, at dei pakker nista si i sekken, at frukta er vaska, at veska mi inneheld alt den skal og at alle står klar i gangen presis klokka åtte. Og midt i dette hektiske infernoet av morgonkaos står eg, mamma som passar på alt, men som ikkje har ete frukost…

Eg er altså ikkje eit frukostmenneske. Om eg står opp for tidleg, er for trøytt, har det for travelt eller har for mykje å tenkje på, så klarer eg ikkje å ete frukost. Men når to av ungane er levert på bussen, ein er levert i barnehagen og eg er komen meg på jobb – då kjem matlysta snikande! Då set eg meg ned, i ro og fred på kontoret, og kosar meg med medbragt frukost og ein god kopp kaffi.

Det er sjølvsagt heilt annleis i helgene. Då dekkjer vi bordet etter alle kunstens reglar, diskar opp med alle slags pålegg og et ein sein frukost. Når ungane er godt forsynt og har benka seg i sofaen for å sjå barne-TV eller er komne ut for å leike, då sit eg og husbonden att ved bordet og pratar om laust og fast over kaffikoppen.

Det hadde vore ein draum om vi kunne ha det slik kvar morgon, men det har vi altså ikkje. «The hustle and bustle of everyday life» er noko vi har slått oss til ro med. Sånn er det i vår heim. Og så får vi heller kose oss ekstra i helgene.

I det siste har eg vore heimeverande på grunn av ein operert ankel. Sjølv om statusen som sjukemeld på ingen måte er særleg lukrativ, så prøver eg å få det beste ut av dagane. Og det aller, aller beste er at eg har tid til å nyte ein laaang og god frukost – akkurat når eg ynskjer, akkurat når eg er svolten nok og eg kan ete akkurat det eg har lyst på! Eg må også innrømme at eg med jamne mellomrom svinsar ein tur innom amerikansk «day time-TV», og eit av programma eg likar å sjå har STORT fokus på mat og helse. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har høyrt frasen «it is of vital impotance that you eat blueberry everyday», eller «food with strong colours can prevent you from getting seriously ill». Det er nesten ikkje eit program utan at blåbær, brokkoli, tomat og spinat er nevnt. Og det går nesten ikkje ein dag utan at eg lover meg sjølv at til hausten SKAL eg til fjells og plukke blåbær! Men fyrst må foten verte god… Desse små, blå antioksidantbombene er overalt rundt oss og eg har ikkje vore flink nok til å plukke dei. No kjøper eg blåbær i butikken , ferske eller frosne, men veit at det er mykje meir næringsstoff i blåbær som veks vilt. Les gjerne denne svært interessante artikkelen på frukt.no om du vil vite meir om dette.

No skal eg prøve å sirkle meg tilbake til det som var utgangspunktet på blogginnlegget: ein god start på dagen! Det har vore mange dagar med god start i det siste! I dag må du tru eg kosa meg! Då laga eg meg ein frukost basert på den amerikanske «eat this every day and your health will benefit from it»-menyen. Friske bær vart kjøpt inn etter at eg hadde levert ungane på skule (takk og lov for Mega sine supertilbod på bær) og så køyrde eg heim og laga meg ein frukost som eg åt ute i det blå!

For å lage ein amerikansk «eat this every day»-frukost treng du:

Gresk yoghurt (eller vanleg naturell om du ikkje får tak i anna)

Blåbær

Bringebær

Valnøtter

Akasiehonning

Ha yoghurt i ei skål, dryss raust over med bær (bruke gjerne andre bær enn eg har gjort), vend nokre valnøtter i akasiehonning og ha dei i ei lita skål ved sidan av. VIPS, så har du ein super frukost som garantert gir deg ein god start på dagen! Om du i tillegg er så heldig at du kan sitje ute i ein god stol og kjenne vårsola varme, ja då er lukka komplett!

PS! Det vart eit aldri så lite ras av bilete i dagens innlegg… Som matbloggar er det faktisk meir enn å lage mat som fascinerer meg; eg er minst like glad i å ta bilete av det eg lagar! Eg er på ingen måte svært god til det eg gjer, men eg eksperimenterer og lærer litt kvar dag! Om ikkje anna, så vonar eg bileta fristar deg til å prøve å lage ein liknande frukost sjølv!

6 kommentarer:

  1. Nam nam , så utrolig godt ut :)
    Er ikke såå veldig frokost mennesker heller, men når jeg tar meg tid til det - så merker man det på dagen! Man burde unne seg tid til det ;)
    klem

    SvarSlett
  2. Det høres virkelig ut som du beskriver hvordan det foregår her hver morgen :) så nå måtte jeg smile litt!
    Jeg elsker blåbær, og de bildene dine frister virkelig.. mmmm... :)

    klem

    SvarSlett
  3. Absolutt fristende!:)Og så er det disse antioksidantene da, som det er så viktig å få spist!Smoothie er noe som er blitt populært her hos oss som variasjon..spesielt med blåbær oppi!Flotte bilder! Hilsen Else Britt

    SvarSlett
  4. Lekre bilder, noe annet enn havregryna jeg putter i meg om morgenen, må nok prøve dette:)

    SvarSlett
  5. Koseleg og inspirerande innlegg, Tove! :)

    SvarSlett
  6. Ligner litt på min favorittlunsj: Yoghurt vanilje, diverse bær (blåbær, bringebær, bjørnebær) og det jeg enda ikke har gjennomført: Ristet hasselnøtter og mandler som topping. Supergodt!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!