lørdag 21. april 2012

Tips til nydeleg søndagsmiddag

Dette er strengt tatt ikkje ein matblogg, men i dag kjem eg med eit lite middagstips til blogglesarane mine. For nokre veker sidan serverte eg reinsdyrsteik for aller fyrste gong.

IMG_7987

Reinsdyrkjøtet imponerte meg stort. Det er vanskeleg å beskrive dei gode smakane, men av alt vilt eg har smakt er dette min favoritt.

IMG_7990

Eg kjøpte to steikjer og tilberedde dei på ulik måte. Den eine på klassisk vis, med berre salt og pepar. Den andre vart krydra og lagt i ein blåbærmarinade.

IMG_7959

Som tilbehør til steika brukte eg rotgrønsaker, brokkoli og hasselbackpoteter med ost. Av all den deilige krafta og marinaden laga eg ein fløtesaus som vart blå (på grunn av blåbæra), noko som vart svært populært blant ungane!

IMG_8007

Hasselbackpoteter kan du sjølvsagt serevere både til biff, kylling og mykje, mykje meir.

Dersom du vil sjå oppskrifta og lese meir om korleis eg laga til steikene, så kan du ta turen innom “På kjøkkenbenken”. Der finn du også mange andre gode oppskrifter og tips til både fesstmat og kvardagsmat!

denne lenkja kjem du rett til oppskrifta med reinsdyrsteik og på denne lenkja kjem du til hovudsida på matbloggen min.

2 kommentarer:

  1. Såg meget godt ut det der spör du meg...
    Får kjöpt en reinsdyrsteik å pröve...
    Lager ofte hasselbackspotatis men har aldrig hatt ost på. Bare smelta smör og strökavring eller ströbröd som vi sier på svensk.
    Men blir det godt med ost på?
    Ska ta en tur til matbloggen og sjekke...
    Klems fra Synnöve.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!