tirsdag 17. april 2012

Kveldstankar

Ho sat med ryggen mot det flotte kveldslyset då ho åt kveldsmat. Ho var oppslukt i mamma sin telefon og såg videoar av “popstjerner frå USA”, som ho likar å kalle dei. Ykta ved matbordet vart lang. Det er sjeldan ho har så god tid og sit så roleg. Eg såg kor det fantastiske kveldslyset omslutta den kveldstrøytte ungen min. Ho såg ut som ein engel, der ho sat.

IMG_8302

“Sina, no skal du vere med opp på loftet og legge deg”. Den trøytte, nydusja ungen min gjekk ned frå stolen sin og var klar til å gå opp. Då såg ho lyset. Det vakre kveldslyset som kom strøymande inn glasa våre. Mosaikkhjarta som hang i vindauget kasta glitter over heile stova. Ho vart ståande og kike seg rundt. Store, nysgjerrige auge. “…og eg som ikkje har sett det vakre lyset før no!”, seier ho med begeistring. Forsiktig klatrar ho opp i sofaen og set seg godt til rette i hjørnet. Rett under hjarta som glitrar. Rett under sollyset. Ho badar i alt dette lyse og gode.

sinamor

Heilt stille sit ho der. Kikar seg rundt og er som fortrylla av det ho ser. Eg blir ståande i stovedøra og kike på henne. Seier ikkje eit ord, er redd for å bryte den gode stunda. “Mamma, kvifor må eg legge meg medan sola framleis skin?”. Eg forstår henne godt. Men utan å protestere tek ho meg i handa og går i lag med meg opp på loftet.

Vesle ungen min såg det vakre lyset…

…og eg såg ein engel…

Papsen jobbar seint i kveld så ho får låne den ledige senga. Før eg går må ho fortelje meg eit eventyr. Med stor innleving fortel ho at eventyret handlar om ei lita jente som budde å leine, men ikkje heilt åleine for bestemora og den joggande bestefaren var der og passa på henne. Men så kom ulven og åt begge to. Ho såg på dei forskrekka augene mine før ho heldt fram; “…men berre ikkje ver lei deg mamma, for etter ei lita stund  stod dei opp att, begge besteforeldra. Akkurat som Jesus!”.

7 kommentarer:

  1. ... tårene triller....
    Bare vakkert!

    Takk!

    SvarSlett
  2. Helt enig med Rakel, kjente det varmet i hele meg:)))

    Vakre sjeler:))

    SvarSlett
  3. Nydelig historie :)

    Vi har en give-away på gang. Kom innom og vinn fine premier da vel :)

    SvarSlett
  4. Tenk å få være med å oppleve slike små magiske øyeblikk i hverdagen:))
    Vi skulle nok alle vært litt som Sina....se det magiske rundt oss!
    Og så har Sina en mamma som klarer å formidle denne magien med oss andre....tusen takk til deg og den vesle gullungen<3

    SvarSlett
  5. For et nydelig hverdagsøyeblikk!!
    Klem

    SvarSlett
  6. Hei, tusen takk for besøk på bloggen, og beklager så mye at jeg svarer så seint! Jeg bruker å redigere bildene mine i photoscape og photoshop. :)

    Så koselige bilder du viser, er så herlig med hverdagslige øyeblikk! :)

    SvarSlett
  7. Varmt og vakkert, alt sammen. ♥
    Lyset, jenta, beskrivelsen og takknemligheten din.
    En nydelig omfavnelse av livet.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!