mandag 2. april 2012

…der ein plantar hjartet i jorda og let det gro i lang, lang tid.

Eg er utruleg stolt av heimbygda mi. Ikkje rart det, når her er så utruleg vakkert! Her kjem du deg frå tare til tind på få minutt!

liadalblogg2

I fleire år har vi kjempa for å få bustadfelt i bygda. Ein kamp som på ingen måte har vore enkel. No ligg der endeleg ei løysing; eit firma har regulert feltet og ynskjer at kommunen skal overta. No kviler bygda si skjebne i kommunen sine hender…

liadalblogg

På biletet over ruslar bror min og svogeren min heilt i framkanten av feltet. Det er ikkje rart at folk vil byggje og bu her!

liadalblogg1

“Draumen om Liadal” heiter bloggen som er full av engasjement for dette feltet! Syster mi, Linda, er ei av dei som gjerne vil kjøpe seg tomt i bygda og busetje seg her. Ho er utolmodig, rastlaus og klarer ikkje å la vere å engasjere seg! Difor har ho oppretta bloggen “Draumen om Liadal”. Som journalist av yrke veit ho akkurat korleis ho skal skrive for å få publisitet og interesse for både bloggen og bustadfeltet.

småbåthamn

Dersom du ikkje har kika innom og lese det ho skriv, så bør du gjere det no! Bloggen har vorte lagt merke til, både av presse, nyfikne lesarar i utlandet, potensielle tomtekjøparar, politikarar og andre interesserte. Eg vonar verkeleg at tildådinga frå kommunen vert positiv. At småbarnsfamilene som ventar frå bustaddraumen sin oppfylt. At sentrumsbuarar som vil bo meir landleg endeleg får eit godt alternativ. Vi treng meir liv i bygda vår! Vi har så mykje å by på og vil gjerne dele det med andre!

liadalblogg4

“Det handlar ikkje berre om å setje opp eit hus. Det handlar om å skape ein heim på ein stad der ein plantar hjartet i jorda og let det gro i lang, lang tid.”

Sitat, Linda; “Draumen om Liadal”

Tusen takk for engasjementet ditt, Linda!

Bileta er lånt frå bloggen hennar.

4 kommentarer:

  1. Bygdelivet e undervurdert... Det ser vi no, som nyleg har flytta frå ein sentral plass i Volda, og til ei bygd i Ørsta... Barnehagen er for liten for at vårt barn kan få plass der, og må heilt til sentrum av Ørsta. Det seier litt om korleis kommunen legg opp til kor folk skal bu...

    SvarSlett
  2. “Det handlar ikkje berre om å setje opp eit hus. Det handlar om å skape ein heim på ein stad der ein plantar hjartet i jorda og let det gro i lang, lang tid.” Ah, så fint, den skal jeg ta med meg..

    SvarSlett
  3. Det er mykje engasjement i blodet dykkar. Linda er flink, kjekt at ho engasjerer seg. Berre ikkje alle som opprinneleg ville bygge der misser tomt grunna mange utenlandske og ikkje-Liadalfolk kjem først! God påske til deg og dine i den vakre bygda blant fjord og fjell.

    SvarSlett
  4. God morgen!
    Takk for tipset!
    Nå er det lagt ut link i innlegget.
    (Dersom du leter på høyresiden i bloggen min,
    så har du direkteadgang til butikkene der også.)
    Hilsen Torunn (Vanella)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!