fredag 2. september 2011

Birthday girl…♥

Det er litt rart, i grunnen. Brått er eg eitt år eldre. Eitt år klokare. Eitt år rikare på erfaringar. Og eitt år rikare på glede og lukke.

IMG_2304 copy

Eg set stor pris på kvar ein einaste bursdag eg får. Det gjer meg ingenting å verte eldre. I staden for å tenkje på at tida går og at eg kanskje er meir enn halvvegs, så har eg fokus på alle åra som har gått. Kor mykje eg har investert og kor ufatteleg fullt det er på livskontoen min!

IMG_2316 copy

Eg har fått barn og gifta meg, fått hus og heim, etablert meg i yrket mitt, engasjert meg for lokalsamfunnet og besøkt mange stadar i verda.

IMG_2313

Sjølv om eg likar godt å ha bursdag, så er eg ikkje så glad i dei store feiringane. Det aller beste er å samle familien, fylle huset med alle mine. Det vart slik denne bursdagen òg! Vi skulle eigentleg vere ute, så den skjønne 9-åringen min tok umiddelbart ansvar for borddekkinga!

IMG_2318 copy

Ho dekka med kvite pappfat (praktisk og enkelt, fekk eg beskjed om!!!) og kvite serviettar. For å hindre serviettane frå å flyge av garde, pynta ho med små, kvite steinar. Så la ho lavendelkvistar på serviettane før ho sa seg nøgd med arbeidet.

IMG_2358

Norgesglas med skjell og steinar vi plukka i sommar fekk æra av å stå midt på bursdagsbordet.

IMG_2346

Det vart diverre for kaldt til at vi kunne sitje ute. Gjestane fekk ikkje gleda av å nyte alt arbeidet frøken midt i mellom hadde lagt i borddekkinga, difor lyt eg heller bruke litt bloggplass på å vise det fram!

IMG_2353

Tusen takk for alle fine gåver. Alle dei gode helsingane og klemmane. Takk for at familien kom og feira i lag med meg.

♥♥♥

…og takk for at eg får lov å verte eitt år eldre!

God helg til alle!

9 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen! Og det var veldig fint pynta!! Flinke jenta!

    Nyt kvart eit år du får, det er dessverre ingen selvfølge..

    Klem

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mye med dagen som var:) liker så godt å titte innom bloggen din:) mye kjærlighet og gode tanker her som ofte får meg til å smile:)

    Et år visare og klokare, men ikkje eldre:))

    SvarSlett
  3. Gratulerer med overstått :) nydelig borddekking av niåringen din! Fine tanker og ord om å bli ett år eldre.

    SvarSlett
  4. Gratulera så masse med dagen i går! Godt å få lov å bli eldre, alternativet er ikkje noko å trakte etter iallefall....

    Nyydeleg borddekking av 9-åringen! Kjekt når ungane blir så store.

    Kosa deg i helga, klem frå meg.

    SvarSlett
  5. Viktige refleksjoner du gjer her Tove - vi har nok av eksempel på menneske som ikkje får oppleve sin neste bursdag.....
    Eg håpar så inderleg på at eg får lov å bli ei rynkete gammal dame som kan vere der for alle mine - der alle rynkene og grå hår er beviset på eit levd liv.

    Ha ei fin helg og no midt i valgkampen - husk å få dine eigne personlege pusterom, du treng dei kanskje ekstra godt akkurat no.

    Klem

    SvarSlett
  6. I dag, som ved mange andre innlegg, fengjer du meg ved orda dine. Syns du skriv så fint og godt om livet. Og frøken midt i mellom har gjort ein veldig fin jobb!! Så kjekk ei jente :) Ønskjer deg og dine ein god laurdagskveld vidare.. -Ingeborg T N-

    SvarSlett
  7. Gratulere med overstått!
    Så flink jente du har, veldig flott pynta!

    God helg fortsatt :-)

    SvarSlett
  8. Oi, jeg har forsovet meg. Gratulerer med overstått!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  9. Gratulerer med dagen:) Og fantastiske bileter på innlegget over!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!