tirsdag 19. juli 2011

Piknikk i verdens vakraste fjord!

Vi pakka nistekorger sjølv om dagen bar bod om regn. Køyreturen gjennom vill og vakker vestlandsnatur fascinerer oss like mykje kvar gong.

IMG_0842 copy

Det er ikkje Geirangerfjorden eg snakkar om. Den er vill og vakker den òg, men ikkje som Hjørundfjorden. Det er lys i vindauga i Hjørundfjorden. På det minste nes og i dei brattaste høgder ser ein liv. Kvar dag er det nokon som vaknar der, andar der, kviler der og legg ned arbeidet sitt der.

Så urøyvd, så vakker, så trollsk…

IMG_0966

Vi køyrde til Bjørke og vidare til Leira. Å sitje under høge fjell, ved verdens vakraste fjord og sjå dei ville fossane slyngje seg ned fjellsidene gir ei fantastisk ramme for ein piknikk  - til trass for litt regn!

IMG_0973

Søvnruskne ungar hoppa glade ut av bilen då vi var framme. Sjeldan har vel mamma sine vafler smakt betre!

IMG_0979

Til dessert kosa vi oss med pasjonsfrukt! Den eksotiske frukta passa godt til dei flotte omgjevnadane!

IMG_0986

Etter at vi hadde ete køyrde vi tilbake til Bjørke gjennom tunnellen og var på kunstkafè. Der var det deilige kaker og vakkert handverk! Det gjorde godt med ein kaffi etter all den gode maten vi hadde med. Biletet over viser utsikta frå kafèen! Noko meir vakkert må ein leite lenge etter…

Kvar gong eg er i Hjørundfjorden, til lands eller til vanns, så tenkjer eg på Marie Takvam, ein av mine absolutte favorittdiktarar. Ho vart fødd i Hjørundfjorden ein vèrhard desemberdag i 1926, flytta seinare til Oslo og døde der i 2008. I 2003 vart ho utnemnt til “Årets festspeldiktar” under Dei Nynorske Festspela. Då song koret mitt under opninga og eg fekk gleda av å lese hennar eigne dikt til henne. Å stå rett framfor lyrikaren som eg såg slik opp til, og sjå kor tårenen trilla då eg las dikta hennar, var ei stor og sterk oppleving.

IMG_0992 copy

Til grana mi

Når alt er stilt rundt oss,

peikar du mot stjernene.

Du står der rak i ryggen

og får meg til å sjå mot deira lys.

Men når kulingane kjem,

peikar du slik dei vil -

stundom mot vest, stundom mot aust -

mot nord og syd.

Då er du hjelplaus liksom meg sjølv.

Og når stormane hiver seg over deg,

peikar du mot jorda.

Men du har ikkje brotnna.

Du reiser deg etter stormar

og peikar mot stjernene.

Marie Takvam

2 kommentarer:

  1. Førre gong vi vitja Leira ein sein laurdagsettermiddag midt i fellesferien, skar eit blåskjel hol i bakdekket på MC'en då vi stogga for å ta bilete av fjorden!
    Vi nådde Finnes på hi sida av fjorden, før vi oppdaga at lufta byrja å gå ut av dekket,- og ved Jakobgarden i Sjåstaddalen fann vi folk vi kunne spørje. Aldri vil vi gløyme hjelpsemda og gjestfridomen til gardsfolket vi opplevde der!
    Svært vakkert område av Sunnmøre!

    SvarSlett
  2. Vakkert på Sunnmøre, det er sikkert!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!