mandag 25. juli 2011

“Ny” terrasse!!!

Vi har ei fantastisk utsikt, men fasilitetane til å beskue denne utsikta har ikkje akkurat vore den beste. I helga tok gravemaskinmannen min og løfta platten som låg på 28-kvadrat-altanen vår og løfta den opp, flytta den til andre sida av huset og la den elegant ned akkurat slik eg hadde tenkt!

IMG_1345

No sit vi ikkje så veldig på utstilling lenger og vi er meir i le for vind og vèr. Og så er det ekstra kosleg med terrasse midt i hjartet av gardstunet!

IMG_1338

Eg kosa meg i går kveld då eg gjekk rundt og flytta på møblar og planter!

IMG_1353

No kan vi sitje på terrassen og sjå “heilt til verdas ende” (iflg. ungane)! Dei litt vèrslitte utemøblane i eik treng seg kanskje ein liten finpuss, men det får bli til neste sommar.

IMG_1341

Frøken snupp har vore til stor hjelp med pynting og dandering! Ho la sin elsk på steinane og skjella som vi har samla på og fann mange stadar å legge dei på!

IMG_1355

IMG_1307

Å drikke sitronte i nykjøpt KOKO-kopp gjorde godt…

IMG_1335

IMG_1375

Det gjekk ikkje lenge før frøken snupp tenkte at det ville vere fint å pynte litt i koppen min òg!

No ventar vi berre på meir sol og fleire varme dagar!!!

2 kommentarer:

  1. I just discovered the web site through Bing search engine. You actually created a meaningful purpose. It is very helpful blog for my sister study, great to share with us.

    SvarSlett
  2. Overveldande flott, du er så heldig som bur på H. Mange gode minner derifrå på sommarstid :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!