torsdag 30. juni 2011

Kvifor er det ikkje sommar, mamma?

Ho er klissvåt etter ein lang dag i barnehagen. Var godt at mamma hadde fyrt i omnen. Du må varme meg, mamma… Ein kjapp tur på badet, vaske seg litt, skifte kle. Eg vil ha på meg ull og kosekle, mamma. Vi krøllar oss under eit pledd i sofaen. Berre vi to heime. Einaste vi høyrer er at det brenn i omnen. Og regnet. Det uendelege regnet som trommar mot ruta. Midt i eit forrykande vindkast kikar ho ut glaset. Er det snø, mamma? Neida, det er ikkje snø når det er sommar. Men det er ikkje sommar, mamma. Vi skal ikkje bruke ull når det er sommar. Eg skal ikkje fryse i barnehagen når det er sommar. Kvifor kjem ikkje sommaren, mamma?

IMG_0099

Kan vi reise på ferie, mamma? Mammahjartet krympar litt. Vi skulle jammen ha reist på ferie i styggevèret. Gitt ungane sol og sommaropplevingar. Lillemor forstår ikkje at pappa må jobbe heile sommaren, så eg svarar ikkje. Kan ikkje vi gjere det då, mamma? Vi kan i allefall besøke Gry og ta med oss godteri! Eg smiler for meg sjølv. Gry bur 15 minutt unna.

Klart vi kan besøke Gry!

♥♥♥

Ho ser på meg og smiler! Jippi, då blir det ferie i år likevel! Så set ho seg til rette og vil sjå barne-TV. Kosar seg framfor omnen og er god og varm.

Kvar sommaren vert av, veit eg ikkje. Men eg veit at eg har ein 4-åring som er nøgd med lite og at vi klarer å kose oss sjølv om vèret minner meir om haust enn sommar!

…men vi blir svært glade om sommaren snart kjem…

Har du sol der du er?

5 kommentarer:

  1. Sidan eg held til litt over ei mil frå der du er, er nok elenda like stor her.. men jammen fekk du meg til å kjenne at ein i regnværet kan finne oppmuntring i å fokusere på store gleder i dei små gledene alikevel. Sola kjem den. Heilt sikkert. :)

    SvarSlett
  2. Så godt med små gleder midt i denne merkelege sommaren!
    Sol, sol kom igjen..

    klem

    SvarSlett
  3. Det er jammen ikke lett for hverken store eller små med dette været.....håper sommeren kommer til besøk til dere og til oss ganske så snart. I mellomtida får jeg trøste meg med at mannen jobber på Devold og vi har ullklær nok;))

    SvarSlett
  4. lite med sol og sommer her og - desvere ;(

    men vil du ha ein litt lenger biltur ---- veit du jo kor vi bur ;)

    klems fra monika

    SvarSlett
  5. I morgon vert det austamåne, då kjem sola :)

    Sommarklem frå Asbjørg på nattevakt:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!