søndag 15. mai 2011

Grøne fingrar…

…har eg ikkje, men er likevel glad i alt som blomstrar og veks! I dag var det den store plantedagen her på garden!

IMG_8582

Eg er vanedyr i plantevegen og kjøper stort sett det same år etter år. På grunn av manglande hage er eg avhengig av å plante alt i flyttbare krukker.

IMG_8579

Eg likar så godt lavendel mot dei røffe fjøsveggane! Visste du at lavendel gjer godt for psykisk helse? Den nydelege lukta, dei vakre lavendelblomane…. Eg har alltid lavendel der vi oppheld oss om sommaren.

IMG_8608

Det var litt kaldt å stå ute og og plante i dag, men eg kosa meg likevel. Ungane og tantegulla sprang til og frå og underheldt meg med rolleleik! Eg var sjølvsagt butikkdame og hadde blomsterbutikk. Det var hyggeleg å få vere med i leiken deira, men dei var litt oppgitt over at plantene mine var så dyre! Dei las nemleg på prislappen at dei kosta femtihundremillionar kroner ♥♥♥

IMG_8615

Rundt omkring på bloggar kan ein sjå mange flotte plantebord med alt slags utstyr og romantisk design. Plantebordet mitt er eit gammalt respeteksbord som vi har på låven. Bordplata er prega av livet som har vore på garden; i eine hjørnet er der eit utal merker etter ein bordkniv. Kven har skore av brødskivene sine her? Andre stadar ser vi at den raude kanten rundt bordet er slitt og matt, akkurat som om to armar har kvilt seg der. Slitne etter hardt arbeid og takksame for ei lita kvild på kjøkkenet med ein god kopp kaffi. Betre plantebord kan eg neppe få!

IMG_8618

Det vart sommar på trappa vår i dag! Planta øverst i venstre hjørnet er ein engletrompet som eg har fått i gåve av ein god kollega. Eg er så spent på om eg får den til! Den skal i alle fall få rikesleg med gjødsel, godt stell og god pleie – med eller utan grøne fingrar!

Korleis har søndagen din vore?

5 kommentarer:

  1. Hei!
    Fantastisk blogg! Jeg er ganske ny her i blogglandia og er dypt imponert både over bilder og ord!
    Ha en blomstrende fin dag!
    Katrine :)

    SvarSlett
  2. Fint med krukker som kan flyttast - så kan ein forandre uterommet sitt når ein føler for det. Vart litt inspirert - trur eg må sjå om eg får meg tak i lavendel eg og:-)))

    klem jannetove

    SvarSlett
  3. Den er veldig flott, bloggen din! ;-)

    Alt godt fra Eirin

    SvarSlett
  4. Så nydelige blomster og så vakkert du skrev om det bordet. Det sitter mange minner i det tenker eg.
    Eg har plantet idag. I regn og litt sol, kaldt om fingra men du verlden så fint det blev når det blev ferdigt. Må nok in på Plantasjen og finne meg noen lavendel eg og.
    De dufter så godt.
    Ha nå en fortryllende dag i morgo på 17 mai. Og kos dere i dag.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett
  5. Ej syns det ser rett so lekkert ut med dej - så ej trur du iallefall he et snev av grøne fingra, Tove:) Engletrompeten får du til!(når ej gjor, gjer du) Berre husk at trompetane e veldig giftige! Ser fram til fleire grøne blogg-innlegg:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!