lørdag 9. april 2011

Kjøkkenglimt ♥

Eg og minstesnuppa har kosa oss med ting og tang på kjøkkenet i formiddag. Vi har leita fram nokre få påsketing og så smått byrja å tenkje på høgtida som er i vente.

IMG_7473

Eg har aldri vore ei “påskepyntedame”. Sjølv om eg nok aldri kjem dit at eg meiner at “gult er kult”, så har eg i år komt fram til at “gult er OK”. Difor har nokre påskepynteting i gult funne vegen til kjøkkenet på “Utsikten gard”.

IMG_7479

Det gamle bordet vi har hatt ståande på låven har fått heidersplassen på kjøkkenet. Bordet er heimesnikra og om lag 80 år gammalt.

IMG_7483

Stolane høyrer eigentleg til ei anna spisestue, men passar så fint til bordet. Stolane er ikkje like gamle, men kom vel til gards rett etter krigen.

IMG_7499

Det er ein miks av alt mogleg på kjøkkenet vårt. I dette skapet har eg Greengate-koppane mine og skåler i friske fargar.

IMG_7508

På ei lita hylle har eg gamle Norgesglas med telys og nokre klesklyper i tre som eg har fått frå ein bloggar i USA. Dei er ikkje i bruk, men eignar seg desto betre som pynt!

IMG_7513

Då vi tok over “Utsikten gard” var vi så heldige å finne eit stort skap i kjellaren fullt av gamle Norgesglas, mjølkrukker og mjølkeflasker. Nokre ser på det som rusk og rask, medan eg er veldig glad i dei og ser på dei som arvegods!

IMG_7470

Medan eg svinsa rundt på kjøkkenet med fotoapparat, stod minstesnuppa og teikna på ei beskjedtavle på kjøkkenet. Papsen vår skrua den opp i dag, og det var stor stas å få teikne på den med whiteboardtusj!

IMG_7466

Dette er du, mamma! Og den vesle raringen ved sidan av er meg! Ser du det, mamma???”

♥♥♥

Sjølvsagt ser mamma det! Det er så kjekt når ungane får utfalde seg med teikning! Og så er desse “hodefotingane” ganske så sjarmerande…

Er det påske på kjøkkenet ditt snart?

5 kommentarer:

  1. Så koselig på kjøkkenet ditt !! Ha ei fin helg :-))

    SvarSlett
  2. Åh... for eit herleg kjøkkenbord! Så bra at dokke har leitt det opp att og får plass i kjøkenet dokka!! :)

    Eg syns GULT ER KUULT!!! Spesielt til påske... Har ikkje leita fram anna enn gule planter frå Mega og gule lys på Nille:) Egga og greinene og nokre påskekyllingar skal nok kome fram etter kvart denne veka :)
    Kjekt at du vert med på påskegive awayen foresten :)
    Også MÅ eg berre seie at dokke har den flottaste utsikt!!! Ser jammen nesten heilt hit til meg!

    God laurdag

    SvarSlett
  3. Hei igjen.. Tenkte å bruke Picasa, som lå så lett tilgjengelig her.. har jo null erfaring med redigering, så jeg må bare prøve meg fram. Bra at du har god erfaring med det redigeringsprogrammet.
    Veldig koselig blogg du har ! Likte så godt kjøkkenbordet ditt. Kos deg på en lørdagskveld :-)

    SvarSlett
  4. Nydleg bord Tove - og utsikta....ja den treng ingen kommentar.

    Gult er forøvrig den fargen som gjer meg mest glad, den og alle fargane i gultraudorangsjebruntgrønt sjangeren, hehe det vart vist mange fargar det.

    Har ikkje pynta til påske, berre fått opp orangsje gardiner på kjøkkenet - skal ikkje vere heiem - skal på 50 års cruse på hurtigruta i staden. Fint alternativ til heimepåske det ja:-))

    Ha ei fin fin helg:-))

    SvarSlett
  5. Hei!

    For en herlig blogg du har :O) Nydelige bilder og ord. Hit vil jeg gjerne komme igjen :O)

    Ha en god uke!

    Mvh

    Carina

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!