mandag 4. april 2011

Tenk å verte SÅ glad for eit brød og ei lita helsing ♥

På fredag fekk eg høyre eit rykte om at Morten Schakenda, bakarhelten min, skulle halde kurs i Ulsteinvik i helga! Eg vart fort grøn av misunning då eg forstod at det var eit kurs i regi av “Landslaget for mat og helse i skolen” og at det berre var medlemmar som skulle vere med på kurset. Det var nesten så eg vurderte ei lyninnmelding i LMHS, men kurset var visst fullteikna for lengst…

IMG_7404

Etter å ha uttrykt min vrede over dette fullteikna og utilgjengelege kurset på Facebook, fekk eg brått melding frå ein tidlegare kollega og LMHS-ekspert! Ho veit at eg er oppteken av mat og at eg er svært begeistra for Schakenda og hans bakefilosofi, og sa at ho skulle ta med seg ein smakebit av ein bolle til meg!

På søndag traff eg henne på ein konsert og då kom ho trippande med ein pose til meg! Eg tenkte at det var ein stor pose for ein liten bolle, men der tok eg feil, gitt!

IMG_7428

I posen låg det eit nydeleg Schakenda-brød, fullt av hemmelegheiter og herlege smakar med graskarfrø på toppen!

IMG_7430

Eg baka også brød i går, men dei bleikna i lag med dette! Etter at ungane hadde lagt seg sette eg meg ned og kosa meg med to brødskiver! Det var høgtidsstund i stova!!!

IMG_7434

Aller mest stas var likevel helsinga eg fekk… Denne skal limast inn i bakeboka og vere til inspirasjon for mange bakestunder framover! i kveld skal eg setje meg ned med bakeboka til Schakenda og leite  etter oppskrifta på dette brødet.

Tusen, tusen takk, Kari – for at du tok deg tid til å skaffe meg både helsing og brød!!!

Neste gong vi treffast på litteraturklubb vankar det ein liten godbit på deg òg, for dette sette eg umåteleg stor pris på…♥♥♥

5 kommentarer:

  1. Det fruktbrødet er det beste! Eg bakte det først etter oppskrift og så etter hukommelsen. Det var julebrødet vårt førre jul. Morten sa og at han kutta ut frisk frukt om sommaren for å fa eit meir holdbart brød.

    SvarSlett
  2. Heldige du! Ikke rart du ble glad. Lykken er et stopp på Bakeriet i Lom på vei ned til Mjøstraktene :) Tenk å lykkes med å starte bakeri i den forholdsvis lille bygda Lom! Det har blitt kjøpt et og annet brød fra den bakeren på Mylneriet også :)

    Jeg skal kjøpe bakeskolebok til jenta mi - hun tente veldig på idéen om å få velge bakverk selv og gjøre alt selv. Og hva er vel bedre enn å lære å lage mat fra grunnen?

    Historien om den unge bestefaren var skjønn. Tenk å være ung i hodet fortsatt når man blir 83! Det må være noe å sikte mot :)

    Hilsen fra Moccamamma :)

    SvarSlett
  3. Hei, eg var så heldig at eg fekk vere med på "oppvarmingskurs" berre for tilsette ved UUS på fredagskvelden:) Vi baka i timesvis og fekk med oss så mykje godt brød heim, men det som var det beste var opplevinga - å lære om baking og samtidig få vere saman med gode kollegaer! Og så har eg to små glas ståande i kjøleskapet mitt, det eine inneheld surdeig med grov rug i, det andre inneheld lys surdeig. Om du treng ein liten skvett for å få bake fruktnøttbrødet til Morten Schakenda, så bur eg ikkje lenger unna enn at det skal la seg gjere:)

    SvarSlett
  4. Hei

    Fant akkurat bloggen din:) Så flott blogg du har:) Legger meg til som følger hos deg jeg:)

    Ønsker deg en flott tirsdag:)

    W

    SvarSlett
  5. Så herleg med Morten brød og helsing!

    Veldig flott den historia om bestefar :-)

    Ha flott april, for no er det VÅR!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!