lørdag 26. mars 2011

På jakt etter vårteikn ♥

Eg vert stadig like overraska kvar gong det kjem eit snøfall. Ein burde sjølvsagt forvente det i slutten av mars, men no er eg så klar for vår og grøne markar! Det er ikkje lenge sidan vi tusla rundt i vårgraset og kjende sola varme. Vi plukka inn vårblomar og tok ut litt hagemøblar. Men så kom altså snøen nok ein gong…

IMG_7284

 

“Blir du med ut og finn våren, mamma?”

Klart mamma er med ut for å leite etter våren! Veslemor med ballerinadrakt, dunjakke og støvlar og eg med fotoapparat. Finn vi att vårteikna, skal tru???

IMG_7292

Korga vi kjøpte på Kid i fjor har hengt på veggen i heile år. Den stadig meir vèrbitte utsjånaden er utruleg vakker! Det er nesten skammeleg å ikkje betale meir enn ein 20-kronar for noko slikt! No står små påskeliljer og ventar på meir varme. Veslemor vil veldig gjerne at dei skal sprette ut snart…

IMG_7298

 

“Vi må gå bort på rabarbraplassen, mamma!”

Det var eigentleg snøklokkene ho ville leite etter der, men så fann vi noko som var endå meir spennande! Nokre små, raude blad lyste mot oss frå den kalde, kvite snøen. Dei er i grunnen eit fantastisk verk, desse rabarbrablada. Snø og kulde er ikkje til hinder for å spire! Slike optimistar likar vi ♥

IMG_7299

Heldigvis fann vi snøklokkene òg. Dei låg som små, grøne tuer midt i alt det kvite. Veslemor meinte vi måtte ta dei med inn i varmen og passe godt på dei. No står nyplukka snøklokkar og ventar på å få vere fyrste gjest på det nye kjøkkenbordet vårt!

 

Har du funne våren i

dag?

4 kommentarer:

  1. Så flott at du finn når du leitar..
    Lurte på å lage ein snømann, nok snø til det..

    Vakker helg til deg :-)

    SvarSlett
  2. Vist fann de våren - eg har funne den her også sjølvom den er mykje seinare her. Men no er snøen halvert og i morgon vil eg gå meg ein tur å leite etter blomar - men det er nok litt for tidleg her enno.

    jannetove

    SvarSlett
  3. Lenge til vår her i Trøndelag ja... snør og snør... For en utrolig koselig blogg du har :-) Kommer gjerne tilbake hit. Ha ei fin helg !

    SvarSlett
  4. Nydelige vårtegn hos deg, ekstra flott med kontrastene med røde rabarbrablader og snø:) klem fra Mona som har funnet mange vårtegn.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!