mandag 28. februar 2011

Fullstendig stillstand…

“Den som har begge beina på jorda, står stille” , sa Tor Åge Bringsværd ein gong. Bloggmessig har det verkeleg vore stille siste veka. Det har vore møter, konsertar og knallhard jobbing heile veka. Eg har i aller høgste grad hatt begge beina plassert på jorda, og då er det vel slik at bloggen seglar litt sin eigen sjø.

ørken

For å vere heilt ærleg har det vore litt godt… Eg er ikkje lei av blogging, misforstå meg rett, men det gjorde faktisk godt med ei lita pause. Eg sette meg ned ei stund i dag og kika gjennom bloggar som eg har på blogglista mi, og kom fram til at  eg er litt lei av “sjå kva eg kjøpte i helga”-innlegg, lysestakar, ryddige stovebord og skjenkar med vakre stilleben, rosa effektar og andre typiske bloggsaker. Eg veit det er ironisk, for med jamne mellomrom er eg òg ein slik bloggar! Men når det går ei stund mellom kvar gong ein er innom og kikar på bloggar, så ser eg det heile frå eit litt anna perspektiv.

ørken1

Heime i stova mi er det absolutt ikkje noko nytt for tida. Det står ein gjeng med passe visna tulipanar på skjenken og i vindauget heng nokre roser med hovudet. Eg burde absolutt ha vaska gangen og badet treng så sårt litt omsorg. Kanskje eg tek meg på tak no når eg har “vinteravspasering”? Kanskje blir det litt meir blogging?

ørken2

Uansett kva som skjer, så skal eg danse meg gjennom bloggtørken og gjere nett det eg vil! I dag har eg baka flettakrans, skillingsbollar, brød, det blir heimelaga kjøtkaker til middag og vi skal ete kvelds i fjøresteinane! 

Smått om senn skal bloggen også få litt omsorg, men ikkje før eg bestemmer meg for det!

Nyt soldagen – kvar du enn befinn deg!

5 kommentarer:

  1. Herleg, herleg, Tove.
    I morgon skal eg skrive "Danse mot vår..." på den vesle kjøkkentavla mi, for å minne meg på at kvar dag skal vere glede og forventning. Så får berre snøen ligge djup kring husa, eg veit at han taper kvart år.

    Håper de hadde ei fin middagsstund i fjøra. (Misunner dykk LITT!)

    Helsing frå
    Randi Johanne

    SvarSlett
  2. Usj, man blir fort uvel av stæsje-overdoser - gjør ikke alle? Jeg for min del svitsjer da straks over til min fabelaktige, digitale museumsvenninne - nyoppdaget, men proppfull av gamle skatter -titt innom, da vel :-)
    Og ha en fortsatt fin kveld!

    SvarSlett
  3. Litt bloggtorka har vi nok alle en gang iblandt.
    Men det spiller ingen rolle det. För man blogger i si eiga takt! Husk det Tove.

    Liker dine bilder idag.
    Så flotte og for noen herlige farger.

    Du he jammen det vöre flink å bake idag ser eg. Skulle ynskje at eg var like flink. Men det blir no bröd da.

    Nå skal eg ha meg en kopp kakao og så er det sengen.

    Venter til du er tilbake igjen og blogger og gir oss de ordene som bare du kan.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Hei
    Du har så mange gode innlegg, og eg er innom deg kvar dag for å sjå om det er noko nytt. :) Varme, fine ord som gir ein noko å tenkje på. Men du, dei som skriv "sjå kor fint vi har det heime"-blogg ønskjer eigentleg berre at nokon skal SJÅ dei. Når du skriv om alt du bakar er vel også det eit utrykk for det same? ;) Hald fram med bloggen når du er klar for det, du. Eg gler meg. God avspaseringsveke! Anne

    SvarSlett
  5. Hei på deg!
    Kjenner meg litt igjen i det du skriv. Eg vert også lei til tider- andre tider vert eg kjempeinspirert...
    Om ein har litt forskjellig type bloggar i blogglista får ein litt av kvart. Eg likar meg her inne hos deg- du tenker veldig likt meg- sett pris på mange av dei same tinga. Det er berre det at eg ikkje finn orda for å utrykke meg slik som du kan- derfor kosar eg meg slik med innlegga dine. Ein får satt ting litt i perspektiv- og sitt igjen med ein god følelse- Takk for det!
    Mvh Monica

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!