mandag 24. januar 2011

Om ikkje så lenge…

…er det vår. Midt i ei verd av blankis, regn, sludd og snø har eg ikkje tenkt så mykje på det. Heller ikkje tillete meg å kjenne på lengten . Men i dag var alt annleis…

vår

Eg må runde eit nes når eg køyrer heim får jobb. Derifrå ser eg rett utover til den vakre bygda vår, der sola skin heile året og der vårteikna kjem aller fyrst. Då er runda neset i dag vart eg overraska av synet. Eg såg grøne marker……

vår1

Brått og umerkeleg har alt regnet smelta all snøen. Ungane sette store auge då dei såg kva som hadde skjedd. Og då må eg innrømme at vårkjensla kom snikande… Ikkje så mykje, men nok til at eg vart litt lettare til sinns – sjølv om det pøsregnar og sjølv om det er meldt snø til helga! Det skal ikkje meir til for å tine eit forfrose Sunnmørshjarte…

Ingen vinter varer evig,

ingen vår hopper over

sin tur.”

* Hal Borland *

Bileta har eg lånt her og her.

3 kommentarer:

  1. Så utrolig vakre bilder!!

    SvarSlett
  2. Heldige du so bur rundt neset.
    Her fram i dalen e d en meter snøv, å tjukke is...ikkje mykje so minne om vår her nei...

    SvarSlett
  3. nydelige bilder, og fine ord.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!