tirsdag 4. januar 2011

Når sant skal seiast...

...så er det framleis vinter ute. Det er slaps, regn, såpeglatte vegar, kaldt og mykje snø. Tung snø. Eg skulle gjerne ha ynskt at det var vår ute. At ungane kunne kle seg lettare og svinse rundt i lette kjolar og plukka inn vårblomar frå hagen. Men same kor mykje eg ynskjer det og vil det, så blir det ikkje vår enno. Snart, men ikkje enno. Etter ein kjapp rundtur i Bloglandia siste dagane ser eg at mange kastar ut jula og prisar våren. Eg er nok av den trauste og realistiske sorten, for eg meiner at ein ikkje kan prise noko ein ikkje har. Drøyme om vår kan vi! Lengte etter vår! Håpe på vår! Men enn så lenge så er det altså vinter.

Misforstå meg rett; eg set meg ikkje til dommar overfor dei som har vårkjensle i hjartet. Eg kan forstå at der er mange som har behov for å sjå den lyse årstida i møte. Som er lei av vinter, kulde og mørke. Som kavar med snø og dårleg føre. Eg kan òg ynskje meg til ein varmare stad når det snør som verst ute! Men noko i meg held likevel att. Eg meiner det er for gale å heile tida skulle gå rundt og gle seg til noko ein enno ikkje har. For meg er det rettast å prise kvar ein einaste kvardag!

"Våren kommer en gang i året, og vi ønsker den velkommen. Dagen kommer en gang i døgnet, men vi tar den som en selvfølge.", sa Margot Sandsmark.


Eg trur Sandsmark pirkar litt bort i ei sanning her. I staden for å vere så opptekne av det som kjem, så må vi prise det vi har. JA, vi skal gle oss til våren! JA, vi skal planlegge vårgarderoben, tenke på hageprosjekt og fundere på når dei fyrste vårteikna kjem! Men vi må ile sakte... Våren kjem, den, om enn ikkje så brått. Det er framleis ei stund til med vinter.

Vi kan framleis kose oss med levande stearinlys, ungar som kjem inn raude i kinna etter aking og og ski, vi kan koke kakao og gå på undretur under snøtunge grantre og vi kan nyte stillheita som kjem etter eit snøfall. Viktigast av alt er at vi erkjenner at det er NO vi er her, det er DENNE tida vi har.
Eg skal gjerne innrømme at juletreet vart kasta ut i går, men berre fordi det var fleire nåler på golvet enn på treet. Julestjernene og juleenglane skal få glede oss litt til. Og medan eg sit inne og kosar meg med eit strikk i sofaen og ser snøen dale, eller er ute og går tur med ungar og hund i slaps og sølevèr, så skal eg kose meg med stunda og nyte dei små augneblinka; ungane si undring over korleis ein snøkrystall vert til, den kitlande gleda når snøfnugga landar i andleta deira, den gode kjensla det er å kome inn i eit varmt hus etter å ha vorte kalde og våte i snøen, suget i magen når ein set seg på akebrettet og renn ned dei bratte bakkane, den gode innestunda med brettspel og kakao....
Alt dette skal eg nyte og ta godt vare på, medan eg drøymer litt om dei fyrste vårteikna...
"Det man forspiller av øyeblikket, kan ingen evighet erstatte."
* Friedrich von Schiller *
Bileta er lånte her og her.

12 kommentarer:

  1. Jeg liker vinteren jeg, og koser meg storveis med hobbyen men og masse levende lys;) når våren kommer må jeg ut i hagen for å luke og rake og klippe gress...... Våren kan bare vente for min del, men jula kastet jeg ut 1. Nyttårsdag;)

    SvarSlett
  2. Kloke ord! :) Ein må ikkje glede sej så mykje til det som kjem, at ein ikkje får med seg det som skjer nett no! Vinteren er vakker, og innekos er kjekt. No skal eg nyte ein kopp kakao! :) Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  3. Eg har julepynten framme enno, men så pynta vi 22. desember, ikkje første som mange i blogglandia;-)
    På heimveg frå jobb var det lyst! Det kan vi glede oss over, at vinteren vert lysare for kvar dag! Det merkast!

    SvarSlett
  4. Hei :) så enig så enig med deg Tove.. det er viktig å glede seg over hver dag og ta vare på hver en dag...

    Ha en fin tirsdagskveld :)

    Klem fra Evelyn

    SvarSlett
  5. Om det regnar eller snør - om sola skin eller vinden bles - om vi er i sør eller nord - om vi har julestjerne eller primula i glaskarmen....Det viktigaste er uansett å leve i akkurat dette øyeblikket og glede seg over livet som er her og no.

    SvarSlett
  6. Et godt innlegg som jeg må si meg enig i.Vi er heldige som bor i et land med ulike årstider =0)
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  7. Ej venta fortsatt på våren 2010...

    SvarSlett
  8. heilt sant det du skriv.

    Eg føler at ein stadig går rundt og ventar og gleder seg ti noko som skal kome, men at ein gløymer og glede seg over nuet. vi byrjar å glede oss til jul i september/oktober, somme pyntar til jul i november for så å glede seg til dei får pakke det vekk i romjula slik at dei kan begynne å gle seg til våren skal kome, og når våren kjem, ja, då er lengta etter sommar så stor at ein knapt kan vente med å leite fram dei lette sommarkleda. Når sommaren kjem, jauda då er det for varmt og ein gledar seg til lune haustkveldar - så er vi igong igjen med å lengte til jul.

    her skal julepynten få stå til laurdag (trur eg) vi skal ha barneselskap på søndag, og då hadde det vore greit at i allefall treet var ute

    ha ein fin kveld, Tove

    SvarSlett
  9. Randi Johanne4/1/11 22:14

    Gode og kloke ord, og ei svært nyttig påminning. Tusen takk.

    Helsing frå Randi Johanne

    SvarSlett
  10. Du har forstått det du, Tove! :) Å leve i NUET... Ja å no er det faktisk vinter... og den vinteren kjem til å vere her i minst to månader til! Så kvifor ikkje gledje seg over det som er fint med vinteren? Alt det du nemner og eg vil legge til litt ruskever som får storbåra til å vise seg også! Eg likar så godt skikkeleg ruskever...:) Ruskevær som ein kan finne her ute på øyane ein skikkeleg vinterdag. O gledje! Og etter vinteren kjem våren og då skal vi nok gledje oss over våren og! :)

    Ha fine vinterdagar!

    SvarSlett
  11. Takk! Eg er ein drøymar, men likevel med beina godt planta i verkelegheita. Eg har funne min måte å gå våren i møte: 6 km veg til arbeid fem morgonar i veka gir meg god tid til å nyte vinteren med sine skiftingar i vêr og mørke / lys, og til å drøyme om den lysare tida som kjem. I staden for å ergre meg over nedfrosen bil og glatte vegar med snøkaos der ein skal ta seg fram - og fulle parkeringsplassar når ein endeleg kjem til skulen, prisar eg meg lykkeleg over å kunne gå på mine to bein, godt skodd, med broddar:)
    Eg trur jammen eg hadd følt meg snytt om våren skulle kome alt no..

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!