lørdag 11. desember 2010

Kvild…

Av og til må slitne, små fotar kvile. Det er travelt å dilte etter mamma og pappa overalt. Dei skal sjå på alt mogleg. Snakke med alle. Diskutere om ein skal kjøpe ditt eller datt. Kanskje pratar dei i telefon, og ventetida er uendeleg for dei små fotane.

Då er det godt å finne ein stad der ein kan gå inn og setje seg ned i ei kunstnarkrå. Då kan mamma og pappa berre prate så masse dei vil. Snakke med den dei vil, vere kjærestar litt og diskutere om ein skal kjøpe det eine eller det andre.

Sina

...for då har dei små fotane fått kvile seg og kan slappe heilt av og vere kreativ. Lage kunst. Puste litt og kjenne at julehandel eigentleg er ganske OK likevel.

Tusen takk til Mekko i Volda som har forstått kva ein må gjere for å behage dei små!!!

4 kommentarer:

  1. Mekko? En ny butikk? Huff, bjynde å verte lenge sida ej budde i Volda... Supert med kvilestad tilpassa dei små. Skulle hatt en kvileplass for mannane me...

    SvarSlett
  2. Så skjønn ho er med dei nye brillene!! Og fin vest ho har!
    "I byrjinga er einkvar kunstnar amatør". Finare det vel?
    Las "Life in the woods" av Emerson då eg gjekk på skule i USA. Veit ikkje om eg rår så mange andre til å lese den, om ein kkje ein er ihuga tilhengjar eller ekstremt glad i å lese, men veldig interessant uansett. Meiner eg hugsar dette sitatet frå boka.

    SvarSlett
  3. Hei Tove!
    Kjekt du stikk innom frå tid til anna. Takk for fin kommentar også :)

    Klem!

    SvarSlett
  4. A beautiful blog!
    Have a nice evening
    Yvonne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!