torsdag 9. desember 2010

…fordi eg må puste litt…

Tenk om kvardagen hadde ein stoppknapp. Ei bremse. Eller ei slik stoppesnor som var på bussane i gamle dagar. Tenk om alt kunne stoppe opp. Berre fordi eg må puste. Puste med magen. Berre fordi eg treng eit stille sekund til å sortere tankar. Berre fordi eg veit at ei stille stund er alt eg treng for å klare å gå vidare.

calm

Pustepauser er indremedisin og kjærkomne høve til å gi næring til draumar, næring til tankar ein elles ikkje har tid til å tenkje og grobotn for kreativitet og fantasi. Det er viktig at vi stoppar opp før kroppen stoppar oss.

calm1 I jula skal eg ha meg ei lang pustepause. Då skal eg vere kreativ og prøve å kome litt lenger i realiseringa av ein draum. Ein draum som eg har hatt lenge, men som aldri har vorte realisert på grunn av sviktande mot. Men no har eg folk med meg som pressar meg framover og heiar på meg! Dei har gitt meg tru på at eg kan få det til og nokre av brikkene eg mangla har kome på plass.

Men fram til jula kjem skal eg berre klore meg fast i kvardagane! Kanskje rekk eg ei pustepause eller to. Kanskje set eg mobilen på lydlaus og gjer meg utilgjengeleg ei lita stund!

Ta deg tid til å puste litt, du òg!

Bileta har eg lånt her.

 

6 kommentarer:

  1. Åja! Å puste er viktig! Ingen pust ingen liv!! :)Det har eg lært på YOGA;)

    Åh.. kor spennande med den draumen! Håpar å få høyre meir om den! :) Er så inspirerande å høyre om andre som har mot og klarar å realisere! :)

    God natt frå Lønnetunsfrua;)

    SvarSlett
  2. Pust det er livsvitig!

    Nattaklem

    SvarSlett
  3. Fint skrevet, det er så utrolig viktigt med disse pustepausene.
    Lykke til med pustepausen og realisering av drømmen.
    Fint å høre at du har støtte!!!
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  4. Trur man har behov for ei pustepause i ny og ne.
    Nå denne tiden kanske mer en under resten av året.

    Lykke til med å realisera drömmen.
    Håper du forteller oss om den når du gjort det.

    Ha ei fin dag der du er.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  5. Så kloke ord :) Ja det er viktig å ta noen pusterom i hverdagen :) Jeg har en favoritt : Festina lente - skyndt deg sakte :)

    Ha en fin førjulstid :)
    Hilsen Janne

    SvarSlett
  6. Kjempefint skrive. Stå på med draumen, eit steg om gongen:-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!