tirsdag 23. november 2010

Der hav og himmel møtest…

Når ein tek turen utover mot havgapet openberrar det seg eit heilt anna landskap enn det eg er van med. Eg har vore på Longva.

longva

Kvar eg enn snudde meg såg eg berre hav. Hav, horisontar og striper med land. Endelause horisontar.

longva1

Når ein står lenge nok og kikar utover det endelause havet, veit ein ikkje lenger kvar havet endar og himmelen byrjar. Alt går i kvarandre.

longva3

Det var så vakkert og stille på Ulla fyr denne dagen. Men noko seier meg at vèret ikkje alltid er så roleg her ute. Markane er snaue, vegetasjonen er knapp og steinane i fjøra er store og glatte. Det må vere spennande å sjå at naturen spelar opp og at kreftene riv og slit i alt som klorar seg fast i marka. Men denne dagen var det sol og stille.

longva2

Det gamle fyret hadde mange sjarmerande trekk. Om ein berre tek seg tid til å sjå godt nok etter, så kan ein finne mange vakre motiv på den vèrslitne bygninga.

Eg er sjuk og pjusk for tida, og ikkje heilt i bloggemodus. Men det kjem nokre innlegg næraste dagane. Det blir heilt sikkert meir frå Longva og Ulla fyr, så blir det nokre fototips og så vert veka avslutta med taco-oppskrifter! Oppskrift på taco, tenkjer du kanskje? Er ikkje det berre å kjøpe kryddermiks på butikken og dure i veg? Jau, slik kan det sjølvsagt også gjerast. Mine innlegg vil handle om korleis du kan lage ein endå betre taco frå botnen av, med heimelaga kryddermiks og mykje, mykje meir. Ein skal vel kanskje vere litt forsiktige med å røre ved slik “nasjonalmat, men eg tek sjansen likevel! Om litt kjem der også eit innlegg der eg tek tak i den tradisjonelle taco-familien, der fire born har vore vane med at det vert servert taco kvar fredag. I det innlegget får du lese om korleis ungane reagerer på at nokre av ingrediensane vert bytta ut med meir sunne og heimelaga variantar… Det gler eg meg til å skrive om!!!

4 kommentarer:

  1. Fortryllende bilder! utrolig vakkert der hav og himmel møtes på denne måten. Nydelige farger i bildene dine også.

    -Husfruas Memoarer-

    SvarSlett
  2. Nydelege bilete! Det er ein fantastisk plass. Eg var der for nokre veker sidan, og er fortsatt ergeleg over å ha gløymt kameraet. Så ekstra kjekt var det å sjå desse bileta! Anbefalar alle ein tur ut tid. God bedring! :)

    SvarSlett
  3. Vakkert innlegg!
    Både bilde og tekst :)

    Eg las oså innlegget om blogg og facebook, ser at me har mange felles tankar og kjensler i forhold til det. Kvardagane fyk avgarde og det blir lite tid til "vandring med kvildepuls" og samtalar i stearinlysskin her også. Alle får så nok med sitt og sine. Eg har forresten vore saman med venninner i kveld, me delte eit godt måltid, sat med handarbeid, spelte kinasjakk og sist men ikkje minst delte tankar i ei koseleg pratestund :)

    SvarSlett
  4. Eg googla på Longva og desse flotte bileta kom opp :) verkeleg vakre bilete :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!