onsdag 6. oktober 2010

Lilla strikkelukke!

Minstesnuppa sin vest har vore ferdig ei stund, og ho vart særs nøgd med resultatet! At vesten er lilla er sjølvsagt ein avgjerande faktor… Det er så herleg å sjå kor glad og stolt ho er når ho får på seg vesten!

vest

Her står ho klar til å fare i barnehagen! Sjølv om vi har fine temperaturar for tida, så er det godt med ein liten ullvest!

vest1 Vesten har vrangstrikk på framsida og rettstrikk på baksida. Ei lita lomme i rettstrikk set prikken over i`en! Det gjekk relativt fort å strikke den, til trass for at det var litt kjedeleg å strikke så mykje vrangt… Planen var at eg skulle strikke pulsvarmarar og leggingsar i same farge som vesten, men det skada tommelen min set ein effektiv stoppar for det. Heldigvis har den snille hjertedama med denne bloggen sagt at ho vil gjere det for meg! Sjekk gjerne ut sida hennar og sjå alle dei flotte pulsvarmarane ho strikkar! Produkta sine sel på ho epla.no.

vest2

I stadenfor å sy saman vesten oppe, er den strikka i hop. Det var mamma som lærte meg det, og eg syntest det vart mykje finare enn om eg skulle ha sydd!

Gjett om det var ei nøgd lita frøken som gjekk til barnehagen i dag???

4 kommentarer:

  1. Så flott den vart..
    Blir nok stilig å få det andre saman med vesten..
    Lilla er visst tingen det i haust :-)
    Ha vakker onsdag!

    SvarSlett
  2. Så fin, skjønner godt at hun ble fornøyd...*smiler*..
    Men hva har du gjort med tommelen din? God bedring!
    Ha en fin dag,
    klem :O)

    SvarSlett
  3. Fin den vart vesten du strikka, med ei fin lita frøken i :)
    Håpa leggvarmarene vert fine og passelege til.
    Takk for at du linka meg snille deg.
    Klem

    SvarSlett
  4. Så fin den var, og så så kjekt det er med motakere som blir glad, og bare gleder seg til å få bruke den :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!