fredag 1. oktober 2010

Himmelbrann og kveldssalme…

Han var lærar, prest, salmediktar og forfattar. Han såg dei same fjella som meg og kanskje rodde han ut med båten ilag med far sin og såg sola gå ned bak dei same fjella som omkransar meg. Han var glad i heimbygda, naturen og folket sitt.

solnedgang

Kanskje sat han på trappa heime og leika seg med ord på eit ark. Kanskje sat han ein annan stad i landet og lengta heim, medan gode minne gav han inspirasjon til å skrive. Og er er glad han skreiv. Anders Hovden har nemleg skrive ein av dei vakraste salmane eg veit…. Så folkeleg, så jordnær, så uendeleg vakker…

Ned i vester soli glader

Ned i vester soli glader.

Takk for dagen Gud og Fader, gjev oss trygd til natti no.

Takk for mat og takk for klede,

takk for arbeidskraft og glede,

gjev oss hjartefred og ro.

Gjev oss hjartefred og ro.

 solnedgang1

Gud og fader lat oss sova under englevakt i stova,

ver vårt vern i natti du!

Når så siste soli dalar, lyft oss opp i dine salar,

lei oss over stjernebru.

Lei oss over stjernebru.

- Anders Hovden -

 solnedgang2

Vi har hatt så utruleg flotte kveldar siste veka. Vakre solnedgangar og brennande himmel. Som om nokon har teikna med pensel over himmelen. Og seinare, når sola har gått ned, ser vi stjernebrua som Anders Hovden skildrar så fint.

Lei oss over stjernebru….

Så utruleg vakkert sagt….

Eg ynskjer alle som kikar innom ei god helg med minnerike dagar, vakre solnedgangar og tid ilag med dine nære og kjære! Ta gjerne med deg Anders Hovden inn i helga di….

Dersom du vil lytte til den vakre salmen, så anbefalar eg å sjekke ut denne linken på youtube.com.

5 kommentarer:

  1. Takk for at du delte denne nydelige teksten! Ønsker deg en god helg! Klem fra Merethe

    SvarSlett
  2. Tusen takk!
    For eit vakkert innlegg både med bilete og tekst!

    Ha ei vakker helg :-)

    SvarSlett
  3. Ste-tippoldefaren min ditta der;)

    SvarSlett
  4. Nydelige ord og nydelige bilder. Jeg har aldri hørt den salmen før.

    SvarSlett
  5. Denne er nydelig! Men har bare hørt siste vers... i et skuespill jeg var med i som liten ("Fange-Liv"). Så flott- nå har jeg hele sangen :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!