søndag 26. september 2010

Fleire fredagar til overs???

Fredag er favorittdagen min. Slutten på ei veke, starten på ei helg. Ingen lekser eller andre forpliktingar. Berre ein god kveld å sjå fram til.

Om nokon ville gi meg ein vekedag ekstra, så måtte det vere ein fredag. Kanskje nokon har ein til overs? Eg tek imot med glede!

vaffel

Sist fredag var eg heime med eldstemann som var sjuk. Vi såg kosleg barneTV og mor pusla litt i heimen. Litt etter litt klarte sola å trenge gjennom skylaget. Ein blome i glaskarmen forlenga sommarkjensla.

vaffel1

Eg skulle ha 13 strålande damer på besøk fredagskvelden. Ettermiddagn vart difor brukt til å dekke bord og vaske litt rundt.  Vi har ein litteraturklubb og møtest med jamne mellomrom for å diskutere bøker vi har lese. Denne kvelden var det “Pinnsvinets eleganse” av Muriel Barbery som stod for tur.

vaffel3

Alle damene er lærarar og glade i å prate, så frisk drikke må til for å fukte strupen! Debatten var både djup, lærerik og interessant – som alltid!

vaffel4

Tenk at så mange damer i så ulik alder kan ha det så kjekt i lag!!! Eg ser alltid fram til desse bokkveldane med like stor iver! Det er ikkje alltid bøkene vi har lese har fenga meg, men debatten har alltid utvida  inntrykket mitt av boka og opna nye dører.

Tusen takk til litteraturdamene for å bidra til at fredagen nok ein gong vart veka sitt høgdepunkt!

6 kommentarer:

  1. Så kjekt med litteraturkveld..

    PS: God betring !!

    SvarSlett
  2. Fredag er også min favorittdag, selv om jeg er hjemme i permisjon! :-) Og ikke minst må det være ekstra kjekt når man får så mange fotte damer på besøk. Viktig med slike kvelder!

    Ha en flott uke!
    Klem Jorid

    SvarSlett
  3. Var så kjekt og triveleg å få kome heim til deg,,,,og du verda kor fint du hadde gjort det til oss. Takk for nok ei gode stund ilag:)

    SvarSlett
  4. Så koseleg!!! Du klarer alltid å legge til rette for den varme, lune stemninga :)

    SvarSlett
  5. Ah! Leste den boka for ei stund tilbake - likte den godt, og var veldig overraska over slutten! :)

    SvarSlett
  6. Ah! Leste den boka for ei stund tilbake - likte den godt, og var veldig overraska over slutten! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!