tirsdag 3. august 2010

Medan brøddeigen hevar seg…

…og minstesnuppa søv, står klesvasken lydig og ventar i stampen sin slik at husfrua får nyte ein herleg kvardagslunsj!

lunsj

Alle leikene på golvet ventar på opprydding. Snart! Eg skal gjere det snart! Må berre nyte litt til…

lunsj1

Ingen av desse daglege gjeremåla forsvinn, men det kan nemleg skje med gylne jordbæraugneblink! Nokon kan ete opp jordbæra utan at eg veit det, telefonen kan ringje eller så må ungane køyrast og hentast her eller der! Men akkurat no er det stille. Dørgande stille. Endåtil hunden ligg rett ut med beina til vèrs og nyt stunda.

lunsj2

Så utan at nokon veit det og kan klandre meg for det, unner eg meg eit lite friminutt og let resten av verda segle sin eigen sjø! Eg har sikkert godt av det, trur du ikkje???

Kva gjer du når du unner

deg eit friminutt???

PS! Jordbæra er smakssette med Bodil sitt herlege, heimelaga sitronsukker!!! Det er å få kjøpt på Nilsbuda på Sæbø i Ørsta kommune! Dersom du er i nærleiken burde du sikre deg ein smak av dette….

3 kommentarer:

  1. Herleg..
    blogging er mine små friminutt gjerne med ein kopp te..
    Ha fortsatt gode dagar!

    SvarSlett
  2. Hei Tove.
    Nå sitt eg her og koser meg med dine flotte bilder igjen. Håper sommeren värt bra hitentils. Her har det sikkert värt som andra plasser. Litt så og litt si. Idag er det si...
    Sola er her, men ikke mange minutter av gangen. Mörke skyer gjör at det kommer noen regndråper og lander på nesa når eg sitter og nyter kaffen ute. Men hvad gjör vel det...

    Nå håper eg at du og familjen får ei flott aften der dere trives aller best.
    Klem fra meg.

    SvarSlett
  3. Tusen tack för din kommentar.
    Jo, det är väldigt fint här i Maine det kan jag lova. Hoppas du får möjlighet att åka hit nån dag.
    Kram Bodil.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!