torsdag 22. juli 2010

Kan hende…

…vi snart får ein varm og deilig sommarkveld, og eg kan ta med meg gode vener og min aller kjæraste ein tur i fjøra eller på stranda. Kan hende vi kan fyre opp bål og småprate til langt ut i dei små timar, medan sola går ned i havet og månen lyser opp kvelden for oss.

flø14

Kan hende vi kan nippe til litt raudt i glaset og ete små godbitar. Kan hende vi avsluttar det heile med raude jordbær og eit svalande nattbad!

♥ ♥ ♥

Kan nokon sende meg litt sol og varme slik at vi får ein slik kveld snart???

3 kommentarer:

  1. Kanskje til helga ? ;-)
    Eg held på å gå på "veggane" med regn dag etter dag.. så no satsar eg villt på at yr.no har rett..
    Her etter må kvart minutt utan regn nytast enten det er 7 eller 17grader..

    SvarSlett
  2. Krysser fingrene for at solen snart kommer din vei...
    Klem Fredrikke .O)

    SvarSlett
  3. at ikke sola kan skinne på alle på en gang, da?!! urettferdig... ønsker av hele mitt hjerte at sola og varmen kommer deres vei...det er jo så deilig:)

    klem fra tara:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!