onsdag 28. april 2010

Med ein overdose Ronja Røverdatter….

…og misforstått bruk av sminke, endar ein gjerne opp slik:

Bilde 268

Dette er vel det ein kan kalle eit ekte sjarmtroll???

Bilde 267 

Denne laurdagen hadde minstesnuppa lurt seg vekk med sminkesakene til frøken midtimellom, og då ho kom lurande framatt såg ho altså slik ut…. Papsen hadde ein stri tørn på badet for å få fjerna herlegheita, noko som sjølvsagt vart oppfatta av den observante sminkedokka: “Mamma, pappa er slettes ikkje flink med jåleri! Eg trur det er best eg gjer det sjølv!”.

No trur eg Ronja Røvardatter og jålesaker  må gøymast bakerst i skapet ei stund – så for vi kose oss med bileta til neste gong!!!

4 kommentarer:

  1. Hahaha, hæææærleg unge!
    Fantastisk god teatersminke :) Anar vi ein skodespelar her? =)

    SvarSlett
  2. He, he, Elisabeth!!! Denne jenta har vore skodespelar lenge! Skal tru kva det blir av slikt... Vi gler oss til framtida, for å seie det slik!!!

    SvarSlett
  3. Kan ikke annet en instemme i ovanstånde... (nå blev det litt svorsk ser eg)
    Men hun er så skjönn. Dette blir en skodespilar av stort format det kan eg love deg.
    Og Ronja Rövardotter er ikke det dåligste forbilde heller.
    Ha ei flott dag nå.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Haha nydlig lita tulle - eja vi var tilbake til den gang vi sjølve rota i sminkveska på badet:-)))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!