søndag 24. januar 2010

Schakenda-bollar

Eg har lenge vore begeistra for kokk og bakar Morten Schakenda. Det er fleire år sidan eg kjøpte nokre bollar på Lom, som var gigantstore og smakte hinsides godt! Eg gløymte aldri bollane, eller smaken, eller kor utruleg flotte dei såg ut. Det høyrest kanskje litt rart ut å la seg fascinere så voldsomt av eit bakverk, men sånn er det altså.

006

Året etterpå oppdaga eg “Bakeriet i Lom”. I Lom sentrum, tett attmed fossande elvebrus, finn du Schakenda sitt paradis. Her har han bygt opp bakeriet sitt og utvikla konsptet sitt. I boka si “Om boller, brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom” skrik Morten Schakenda at “Alle vegar fører til Lom”. Det kan sjølvsagt diskuterast, men når ein har oppdaga dette bakeriet er det uansett slik at ein legg turen til Lom – enten vegane fører dit eller ikkje!

030 

Det er ikkje berre bollane som er fantastiske: stemninga, folket, dialekta, bakverka, kaffien, elvebruset, turistane og dei herlege lokalitetane! Og så er det sjølvsagt eit høgdepunkt å sjå Schakenda sjølv i mjølføyka bak i kulissene.

Forrige helg baka eg dei berykta bollane. Når Schakenda sjølv bakar dei er kvar bolle 175 gram! Eg lagar dei mindre enn det, så blir det litt fleire! Dersom du har lyst å laga bollane sjølv, skal du få oppskrifta her:

1 kg kveitemjøl

300 gram sukker

30 gram salt

15 gram malt kardemomme

100 gram fersk gjær

1 egg

1/2 l h-mjølk (temperert til 30 grader)

300 gram ekte smør i terningar

Ha alle ingrediensane unntatt smøret i ein eltebolle, og elt i ca. 15 minutt eller til deigen er smidig og slepp kantane (den blir litt klissete). Tilsett smør i terningar, og elt i nye 15 minutt. Pass på at alt smøret er godt elta inn i deigen. Legg deigen over i ein bolle for heving, dekk med plastfolie, sett den lunt og la den heve til dobbel størrelse.

Bak ut bollane, set dei på eit steikebrett med bakepapir, dekk med plastfolie og la dei heve til dobbel størrelse. Pensle dei med samanpiska egg og steik dei på 200 grader i 15-18 minutt.

“Og hva er det som er bedre enn å sette tennene i en fersk hvetebolle? Jo, det er å sette dem i en til!”

- Morten Schakenda -

029

Lukke til!

PS! Dersom du vil kjøpe boka til Morten Schakenda, kan du kjøpe den her.

schakenda

(bilete: NRK)

14 kommentarer:

  1. Ummm dessa såg veldig gode ut - trur eg vil prøve dei ein dag - kjekt at du deler gledene med oss andre.
    Janne Tove

    SvarSlett
  2. Bollane såg kjempegode ut!

    SvarSlett
  3. Så flott!
    Takk skal du ha ;-)
    Ha ei kjekk veke!

    SvarSlett
  4. Hei. Såg veldig gode ut. Det er sikkert smøret som gjer susen, trur du ikkje? Alt blir bedre med skikkelig smør.
    Eg har tenkt å prøve fisken din i veka. Takk for gode tips.

    Smil fra L

    SvarSlett
  5. Disse så gode ut. Kanskje jeg må prøve i morgen.
    Fridag på meg da.

    klem

    SvarSlett
  6. Gaaad de så gode ut!! *nam*
    Tror jammen jeg må prøve, selv om jeg hater å bake....det er jo så himla godt å spise!!=D

    SvarSlett
  7. Nam..disse så goooode ut....*smiler*

    SvarSlett
  8. Mmmm:) Kjøpte boka på laurdag... Har du smakt dei himmelsk nydelige frukt og nøttebrøda? Dei har eg tenkt å prøve... det er ingenting som kan måle seg med dei med brunost på... MmmmmM:)

    Også må du sjå bake i boka... der står det om ein som heiter Ola Aukrust.. Han sel dei beste mårpølser laga av økologisk kjøt... Så når vi er på Lom må vi på begge plassane... det er ikkje få kroner eg har lagt igjen der:) Og vel verdt det er det!

    Ha ein fin mandag!

    SvarSlett
  9. De så jammen gode ut! Kunne godt tenkt meg å satt tennene i en eller to av de nå!

    Ha enstrålende uke :)

    Klem, Christel

    SvarSlett
  10. nam!!!! det frista veldig i morgentimene altså :)

    koselig her inne hos deg! :)

    ha en fin dag :)

    klemfralisa

    SvarSlett
  11. Alarm! Du har tydelegvis di bok frå det første opplaget, der er det trykkfeil i bolleoppskrifta. Det skal vere halv mengde salt og halv mengde gjær, altså 50 g gjær og 15 g salt. Elles blir det i overkant... Eg reduserer også litt på kardemommen, det han oppgir tilsvarar tre pakkar...

    SvarSlett
  12. heisann......og takk for koselig og opplysningsfull kommentar hos meg..har tipsa dirigenten om det du sa...disse bollene så gode så har nå lagt dem på mine favoritter...må prøves..ha en fin fin dag

    SvarSlett
  13. Jeg har prøvd 2 ganger uten å få det til . Var så glad da jeg kjøpte boken hans og satte igang. Er det virkelig riktig med 30 gr salt!? Skal innrømme at jeg ikke har brukt digital vekt til saltet
    Beate

    SvarSlett
  14. Hei Beate! Håper du les dette, for 30 gram salt er feil!!! Det er nok med ca 10 gram. Der er feil i oppskrifta. Der står også 100 gram gjær, som eg også har fått opplyst er feil. Det er meir enn nok med 50 gram, og gjæra må vere fersk, sjølvsagt!!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!