tirsdag 29. desember 2009

Baggy!

Hua eg strikka skulle vere skikkeleg baggy, men eg trudde ikkje at den skulle vere så baggy som denne vart. Vel, vel, frøken midtimellom var godt nøgd med produktet likevel! Eg brukte Rauma sitt nydelege “Jubileumsgarn”, som er eit lysta garn med glittertrådar i. Vakkert…

013

Oppskrifta fann eg i Sisu barn 0901, men så brukte eg altså eit anna garn – fordi eg likte det så godt (kjem strikkepolitiet og tek med då, skal tru???)! Mamma var kyndig hjelp over telefon då rundpinnen måtte byttast ut med fem pinnar slik at eg fekk felle av skikkeleg på slutten, og svigerinne Eli var kyndig rettleiar på SMS då eg trengte råd om korleis eg best mogleg skulle tove hua. Det er nemleg slik at “Jubileumsgarn” vert mykje finare når det vert tova litt.

018

No skal eg bruke resten av garnet og strikke matchande pulsvarmarar eller lommetøfler. Har forresten rota vekk oppskrifta på lommetøflene, så om nokon der ute sit på ei super oppskrift, må de gjerne dele med meg!!!

Håper alle mine gode bloggvener der ute har hatt ein like herleg dag som oss!

Slik såg morgonen min ut:

002

Og slik såg kvelden min ut:

004

PS! No er husbonden og ungane ned i bygda og renn på akebrett ilag med bror min og tantegullet mitt! Eg skulle eigentleg støvsuge og rydde hus, men måtte berre snike meg til å legge ut bileter av hua mi og det fine vèret!

 

8 kommentarer:

  1. Fin hue til ei fin jente:) Du har verkeleg fått dreisen på strikkepinnane du Tove!
    Og FOR eit nydeleg vintervêr vi har hatt i dag! Måtte det vare -lenge!
    Fortsatt god jul til deg og dine:)

    SvarSlett
  2. Ja, det var en fin lue!
    Og for en nydelig utsikt...
    Klem Fredrikke :o)

    SvarSlett
  3. Hva er egentlig en lommetøffel?

    SvarSlett
  4. Du ser visst rett bort til meg du ;-) Eg skimtar ytre-Steinnes i det fjerne :-) Romjulsklem frå katharina

    SvarSlett
  5. Du er rå med strikkepinner!!

    Og jeg syns jammen du skal forstørre noen av disse bildene dine og henge dem på veggen....!!

    Ha en fin nyttårsdag - fra Tone

    SvarSlett
  6. Hua vart flott på hovudet til den nydelege modellen, same kor baggy ho er. Nydeleg morgon og kveld i indre, her ute i havgapet snøar det så brøtemannskapet ikkje klarer å halde unna, men fint og stemningsfullt det er det:)

    SvarSlett
  7. kul frøken! Klart det må være Baggy! ;)
    Trenge hua no! Høyrer det lavar ned!
    Godt nytt år til dåke der oppe!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!