søndag 1. november 2009

…om å fange hausten…

Tenk om det var slik at vi kunne plukke med oss litt hauststemning her og der, putte den på glas og skru igjen lokket.

fange haust1

Eit vakkert lauv, lukta av rimfrost, hår som flagrar i haustvinden, lyden av bølger som slår hissig mot land, lyden av vind og raslande lauv – alt dette ville eg ha fanga og gøymt som ein fin skatt.

Eg og dei eldste ungane har vore ute og gått tur i kveld. Medan fønvinden leika med lauva på bakken, gjekk eg og ungane og snakka om alt og ingenting. Hunden var meir oppteken av alle luktene i grøftekanten og rulla seg leikande i lauvet. Vi hadde lyst å rulle i lauv vi òg! Kaste det opp i lufta og sjå det flyge vekk med vinden!

fange haust

Og medan vi gjekk der, så samla vi. Vi samla minner, lukter, kjensler og inntrykk. Vi skriv 1. november i dag, og vi veit aldri kva neste dag vil bringe. Brått er snøen her, og då kan det vere godt å ha slike haustkveldar å tenkje tilbake på.

Dersom vi får fleire slike kveldar, oppmodar eg alle om å samle seg litt haust til vinteren! Ta vare på dei herlege minna!

PS! Konkurransen min som du ser link til i høgre margen, varer ei veke til! Fredag 6. november vert det trekking. Det er så mange som vil vere med på feiringa, at eg kan røpe at det vert trekt fleire premier… Du har framleis sjansen til å vere med, klikk på biletet under, så kjem du rett til konkurransen!

celebration

Dei vakre haustbileta i dette innlegget har eg lånt her og her.

7 kommentarer:

  1. å kor fint - å fang e høsten og ta den med inn ;-)
    Eg har også vert ute og fanga høsten i dag - på bilde
    nytt ein lange tur med mann, birk og kamera -- deilig
    eg er med på konkuransen din og håpa eg kan få 3 lodder
    Smil fra monika

    SvarSlett
  2. En flott blogg du har:) Skal inn å se på hva konkurransen går ut på:)
    Nyt kvelden....

    SvarSlett
  3. Ja, det er mye fint om høsten! Mine minner blir stort sett samlet med kameraet... :)

    SvarSlett
  4. Ja det er bra fint ute no..
    Minner er viktige å ta med..
    Ha ei kjekk veke!

    SvarSlett
  5. Å samle minner på glas, eller i biletarkivet, eller i hjernen, som små lukt-, lyd- eller fargeglimt er herleg! Særleg haustminner frå dagar som i dag: Det er neimen ikkje kvar haust vi får traske i raslande, tørt lauv her på våre kantar, men når først sjansen byr seg, då takkar eg ja:)

    SvarSlett
  6. Åh, høyrest ut som de har hatt ein fantastisk høsttur!
    Ja, det er deileg med slike fine dagar, med mild luft, opplett og glimt av sol. Eg har enno til gode å gå på innsanking av nøtter, kongler, kvister og andre skattar skogen har å by på i denne årstida, får håpe det kjem fleire fine og klare dagar framover, slik at eg kan dra i hus litt av hausten :)
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  7. For en nydelig tanke.....Hege

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!