tirsdag 3. november 2009

Ikkje tving meg, pappa!

Ungar seier dei raraste ting. Av og til er det nesten så ein ikkje kan tru det ein høyrer! For ikkje å snakke om kor ein lurer på kvar dei har det i frå! Her i huset er det den munnrappe 2-åringen som forundrar og forbausar oss mest.

Her ein dag stod vi på kjøkkenet og ordna med frukost og niste før avreise til skule og barnehage. Sina et som regel frukost i barnehagen, men denne morgonen forlangte ho å få ei skive med leverpostei. Eg smurte på ei skive, bretta den i to og gav den til henne. Då korsa ho armane over bringa, såg strengt på meg og sa med makt og mynde: “Eg nektar” . Storesyskena sat ved kjøkkenbordet og himla med augene og visste ikkje om dei skulle le eller gråte! Sjølv vart eg så forundra eg eg mista både munn og mæle! Eg prøvde å rekke henne skiva ein gong til, og det same svaret kom ein gong til: “Eg nektar!”. Denne gongen vart det heile etterfulgt av eit trassig tramp i golvet. Då ho såg kor forferda eg vart, gjekk ho demonstrativt bort til skapet og tok ut ei matboks. “Ligge der”, sa ho. Brødskiva vart putta i matboksa, frøkena blidna og vart avlevert i barnehagen.

013

Nesten same episoden fann stad her ein kveld for litt sidan. Ho sat på stova i campingstolen sin, som forøvrig er den absolutte favorittstolen, og skulle få kose seg med ein youghurt før leggetid. Ho var så oppteken med ei lita bok, at pappa bestemte seg for å hjelpe til litt. Skei etter skei glei ned, før ho til slutt kneip att munnen. Berre ei skei til, lokka pappa, og håpte at ho skulle ete opp alt. Same kor han lokka, var munnen like forsegla. Brått sette ho dei bestemte augene i han: “Ikkje tving meg, pappa!”. I alle dagar! Kvar har den skjønne 2-åringen vår alle desse kraftuttrykka frå????

012

Vi kunne ikkje anna enn å sjå på kvarandre og seie oss ein smule samde. Ein kan faktisk ikkje tvinge denne frøkena til noko som helst! Vi har lenge forstått at vi har med ei bestemt, ung dame å gjere her… Eg seier alltid at det er viktig å ha eigne meiningar og at ein ikkje alltid skal akseptere det andre har sagt. Det er likevel litt tidleg å byrje med slike kraftsalvar??? Eller kanskje ikkje????

No ventar vi berre spent på neste utspel… Kanskje ho skal blande seg inn i storesyskena sine lekser, eller pappa sitt kontorarbeid? Eller kanskje ho har bestemte meinigar om korleis eg rettar elevane sine prøver?

Det er uansett lenge sidan vi konkluderte med at framtida har mykje spennande å by på med denne knetta i hus…

PS! Kan forøvrig legge til at rett etter at dette innlegget var ferdigskrive, sat eg og nynna på ein song i sofaen. Plutseleg sa minstesnuppa: “Ikke syng mamma. Ej fe låkt i øyrene mine!”. Då fekk eg altså passet påskrive… Det lovar mindre bra for koret sine julekonsertar…

13 kommentarer:

  1. ups..... måtte berre trekke på smilebåndet her :)
    ja det er utrolig kor mye rart dei små har ut av seg
    både på pluss og minus
    fikk ei lita perle her om dagen
    av ei lita frøken eg er så glad i
    : å tante - eg er SÅ glad for at du er så glad i dyra våre og meg
    Da kom det eit godt smil inni meg

    kos deg - klemma
    ps. og eg rekna med at sangstemma er bra eg ;-))

    SvarSlett
  2. For en herlig historie:)) Litjpia di er bestemt ja, men det synes jeg er bra!! Jeg smilte godt her nå...kjenner nemlig ei som var slik..datteren min:) Voksen nå men er meget bestemt fortsatt med meninger.
    Tror du kan fortsette å synge jeg:)
    Ha en flott kveld, du får sikkert flere historier og berette om pia di:)

    SvarSlett
  3. Tihi! Godt det er fleire som har munnrappe ungar! Ole- Jakob har nyst lært om øyret i barnehagen så han har låkt i sneglehusa sine når det er høg lyd ;) Mykje artig som kjem frå barnemunn. Eg har lenge tenkt å byrje å skrive ned sitat og episoder, men det har visst berre vorte med tanken....
    Satsar på du får rette prøver på din eigen måte ei stund til :)
    Klem

    SvarSlett
  4. Ja det er av småborn og .... ein får høyre det...
    Utruleg kva dei små snappar opp enten heime, i barnehagen og kanskje Barne TV..
    Ikkje alt TV serverar til dei små som er like bra..
    Tenkjer konsertane går bra ;-)
    Lykke til!!

    SvarSlett
  5. hi, hi. for et morsomt innlegg. ja, unger sier de rareste ting og det kan til tider være vanskelig å holde maska..

    klem Beate

    SvarSlett
  6. :D Er det ikke rart, når ordene kommer slik på akkurat rette plass!
    Lille skjønne tuppelura.. Det skal nok gå bra skal du se! :)

    SvarSlett
  7. herlig denne jenta deres...:) måtte smile for meg sjøl...
    Du skal se at det går bra med konsertene også...her er det abba for damer øvelse neste helg,og æ gler mæ

    SvarSlett
  8. haha, ho er ikkje så ulik toåringen min, den vesle snuppa di. Også ei bestemt dame som veit å gje beskjed. men, det er vel slik dei skal komme seg fram her i livet? Som deg syns eg kanskje det er i tidlegaste laget å ta opp kampen, men me må jo berre prøve å henge med i svingane ;)

    Lukke til med jolekonsert, forresten - du har jo ennå god tid til å øve så ho ikkje får "låkt i øyrene". hihi

    SvarSlett
  9. Fornøyelig lesning!
    Jeg blir alltid så glad når jeg ser i blogglista mi at du har lagt ut et nytt innlegg - jeg koser meg veldig her inne!

    SvarSlett
  10. He he, godt å høyre det er felire av desse tausene med klare meiningar i ung alder! Eg har alltdi blitt beroliga med at det er dei som klarer seg best her i verda :)

    SvarSlett
  11. Det var en passe bestemt veslejente ja :) Er vel noe med alderen det der.. kan huske når Turbo var to, og renker med gru på at Lillebror skal nå akkurat DEN alderen :D

    SvarSlett
  12. Så utrolig herlig ho høres ut:)) Er jo kjekt å sitte her å lese om slike kraftuttrykk....ikke sikkert jeg hadde flira like mye om det var av egne barn?? Barn skal ha vilje og bestemte meninge, så ho kommer seg nok langt lisjetausa:)))

    SvarSlett
  13. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!