onsdag 30. september 2009

Dei vakraste blomane…

Eg kjenner så mange som har så vakre hagar. Dei bestiller blomar og frø, plantar og sår, haustar og nyt. Sjølv har eg ingen hage enno. Ein vakker dag skal det verte til noko, då skal det bløme hos meg òg!

Men eg kan ikkje gå å vente på alt dette vakre. Eg kan ikkje bruke tid på ergre meg over hagen eg ikkje har. Eg må leite etter det vakre andre stadar. Eg må finne alternativ.

012

Ugras som krøkjer seg over ein stein kan kanskje vere rotete og upassande i andre sine auge. Eg synest det er vakkert! Dei skjøre, små blomane som slyngjer seg gjennom steinrøyser, veks opp av ingenting og held ut til trass for at vi går kaldare tider i møte.

013

Ugras, seier enkelte. Vakkert, seier eg. Sjå berre dei vakre knoppane, forma som små spyd!

015

Det at eg ikkje har ein vakker hage, har fått meg til å glede meg over blomeprakta som er overalt rundt oss. Berre vi opnar augene våre, ser vi at grøftekanten er full av vakre blomar! Og eg set pris på kvar og ein av dei…

7 kommentarer:

  1. så flott! Det å glede seg over de små tingene i hverdagen - uansett om det bare er et ugress - det er en stor og sterk egenskap!!

    Nydelige bilder!

    SvarSlett
  2. Det er fint med ugress også, mye å oppdage i naturen :)

    SvarSlett
  3. Naturen er fantastisk, anten det er ugras eller blomar i hagen! Det er utruleg mykje fint rundt oss, berre vi ser det..., og det er det nok ikkje alle som gjer...

    SvarSlett
  4. Du er god på å sjå det store i det små du :)

    SvarSlett
  5. Hei, Tove! Så vakre bilder!! Jeg har ikke hage, jeg heller ... skogstomt bak huset - ugress og leire forann huset;) Jeg nyter vakker lyng, blåbær og tyttæbær bak huset da:) Hagen får kommer etter hvert ...

    Ha en fin dag!!

    Klem Anette:)

    SvarSlett
  6. Godt å sjå at det fortsatt blomstrar ute. Sjølv om vinteren er faretruande nær, håpar eg at vi får sjå litt meir av haustens fargar før den første snøen legg seg :)

    SvarSlett
  7. Jeg har reklamert for bloggen din i bloggen min i dag. Håper du syns det er greit :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!