fredag 31. juli 2009

Kvepsefest!

I mangel på andre sommargjestar, inviterte eg like godt kvepsane på sommarfest! Dei har plaga livet av meg i heile sommar, men så fekk eg brått ein plan….

Då eg var liten og vi vart draksa med i kaffeslabberas til all verdens gamletanter som var å oppdrive, åt vi alltid så mykje kake og drakk så mykje saft at vi vart kjempekvalme og sverga på at vi aldri ville besøke dei igjen!

Kanskje dette virka på kvepsane òg???

Tove, sommar 001

Eit stort glas saft vart plassert på ein strategisk plass, og det gjekk ikkje mange minutta før det krydde av kveps rundt glaset!  Så lenge saftglaset stod der, hadde dei meir enn nok med å utyrste seg på den søte drykkjen og plaga ikkje meg!

Det gjekk som eg tenkte; før kvelden var omme hadde ein heil kvepseskare drukke opp all safta (eg trudde faktisk ikkje det gjekk an!!!), og glaset var istadenfor fullt av daude kveps.

Med handa på hjartet og ti knivar i hjartet; det var ikkje meininga mi at dei skulle daude! Dei skulle berre drikke så mykje saft at dei vart kvamle, og så skulle dei sjanglande flyge seg heimatt til bòlet sitt!

Uansett; no er det færre kvepsar som kan plage meg der ute. Det vart litt for morbid å leggje ut bilete av det halvfulle glaset med daude kveps (det kan vere både sarte sjeler og kvepsevernarar som les bloggen min!).

Akkurat no silregnar det ute, og ikkje ein kveps er i sikte… Derimot er det helg, heimelaga pizza og stearinlys på bordet!Og så vert det vatn til maten, for kvepsen fekk siste saftslumpen…

8 kommentarer:

  1. hihi,,,oppi alt e du nu omtenksom ovenfor kveksan...men jeg har også ett glasss med nå søtt...funker bra--go fredag

    SvarSlett
  2. He he, sånn kan det gå med nytelsessyke vepser!!!
    Kos deg masse med pizza - her har vi grilla hjemmelagde hamburgere!!!
    klem fra Lunalu

    SvarSlett
  3. Morsom lesning. :-)
    Her skinner sola, og jeg skal sette meg ut med strikketøy og kaffekopp. Eller kanskje nyeste nummer av Kamille... Enda en liten skvett igjen av ferien. Deilig!
    Ønsker deg god, vepsefri helg!

    SvarSlett
  4. Smakar sikkert godt med vatn når de veit at safta gjekk til eit godt formål..
    Og kanskje regnet er godt for noko også... ;-)

    SvarSlett
  5. Det var nokre drikkfeldige gjester du hadde på besøk, synd at dei strauk med, men det kan ikkje du få skulda for, sidan det ikkje var målet ditt.

    SvarSlett
  6. Heia, Tove! Godt jobba :-)

    Ha ei strålande helg!

    SvarSlett
  7. Kan nesten virke som om all kvepsen har bola seg på Håvoll i år, for på Rekkedal trur eg knappast her finst sorten... Men du har no funne "kuren" no då så då reknar eg med dokke ikkje vert så plaga.

    Håpa pizzaen smakte, fortsatt god helg :o)

    Klem Tonje

    SvarSlett
  8. Måtte prøve det same på min altan! Det var mange kvepsar som døde ein lukkeleg død....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!