tirsdag 23. juni 2009

Liste meg her, og liste meg der!

Ein høyrer snakk om så mange slags lister for tida. Lister som det er viktig å stå på, som gir status. Skattelistene, til dømes. For mange er det høgdepunktet i avisåret, når lokalavisa trykker listene over formuetoppen og inntektstoppen i kommunen.

liste1

(foto: Aftenbladet)

Med lykt og lupe leitar vi etter naboar, kollegaer, vener, fiendar, konkurrentar og andre vi i farta kan kome på . Dei som står på desse listene får sole seg i eit augeblikks berømmelse, medan alle dei som ikkje står på listene i allefall har litt å snakke om ei stund.

Og så har vi alle listene som det faktisk er litt meiningsfullt å stå på. Eg hugsar fyrste gongen eg stod på vallistene til eit politisk parti. Det var ganske stort! For ikkje å snakke om universitetstida mi i Newcastle, då eg låg på lista over studentar med utmerkelsar på vitnemålet sitt.

Så har vi alle dei mindre interessante listene, som vi likevel treng for å få kvardagen til å gå rundt:

liste

Hugselister, handlelister, sjekklister, ting-som-må-gjerast-lister, gåvelister, bursdagslister, pakke-kofferten-lister og ting-å-hugse-før-jul-lister. Og sjølvsagt mange, mange fleire!!! Så kjedelege, men ikkje mindre viktige! Ta til dømes i går: dagen i dag var så spekka full av program, at eg måtte skrive ned ei liste med alle aktivitetane ungane skulle vere med på for at papsen i det heile tatt skulle ha ein sjanse til å lose dei knirkefritt gjennom dagen. Eg har sjølvsagt vore i møte heile dagen, men når kvelden seig på var vi begge to godt nøgde med dagen - takka vere den magiske lista!

Så har vi alle desse listene det er stas og svært å vere på. Topp 10-lister, flinkaste skodespelar-liste, bank med lavast rente-liste og ikkje minst; beste kledde-lista. Her luktar det prestisje, pengar og berømmelse.

I det siste har blogging også vorte eit heitt liste-tema. Det er ca 3000 bloggarar i Noreg, og då må det sjølvsagt kreerast nokre lister  som plasserer bloggane på sin rettmessige plass.

liste2

For ei tid tilbake var det mykje skriverier om listeplassering av bloggar, og i eit svakt øyeblikk gjekk eg inn på blogglisten.no og registrerte bloggen min. Berre tøv å gjere det, sjølvsagt. Eg har på ingen måte planar om at eg skal vere ein type blogg som det er viktig at alle les. Eg meiner berre det er viktig at dei som faktisk les den, kan få ei god oppleving, sjå nokre fine bileter og høyre nokre gode historier. Om bloggen min står på 21. plass eller 152. plass er meg faktisk revnande likegyldig! Likevel så har eg faktisk forståing for dei som meiner at desse listene er viktige. Nokre bloggar for å tene pengar, og då er dei faktisk avhengige av at andre les det dei skriv.

Då eg sjekke ein heilt tilfeldig dag, og fann ut at bloggen min låg på 132 plass under den kategorien som eg har registrert meg under, så gjorde det faktisk noko med sjølvkjensla mi. Og så merka eg at eg vart utruleg irritert, aller mest på meg sjølv, som hadde gått til det steg å registrere bloggen min på ei slik liste. Og så kjende eg den enorme stoltheita då eg nokre dagar seinare kunne registrere at den låg på 19. plass!!!! Då hadde besøkstala teke seg opp fordi eg hadde posta ein del innlegg.

Denne opplevinga fekk meg til å tenkje. Eg vil ikkje vere ein bloggar som publiserer ei heil bråte med innlegg for å klatre langt opp på desse listene. Eg skriv innlegg når eg faktisk har noko å skrive om! Eg trur at slike lister lett kan generere ei slags kommersialisering av bloggar som absolutt IKKJE har vore det før! Desse "Topp 10"-bloggarane er på mange måtar kommersielle. Vi les det dei skriv, og vi likar det. Stort sett. Difor hamnar dei høgt på desse listene. Heilt i orden for meg, men eg trur ikkje dette er noko for meg.

Eg kjem nok til å blogge vidare i min eigen stil, og publisere innlegg når eg sjølv har lyst og ikkje fordi eg plutseleg har landa langt nede på ei eller anna bloggliste. Der er forresten mange slike lister, mange fleire enn ein trur!

respekt_inlaga+omslag.indd

(foto: jamombud)

La det berre vere sagt før eg avrundar: Eg har STOR respekt for andre sine bloggar, uansett kva dei skriv om og korleis dei ser ut. Og uansett kva som er målet med bloggen, anten det er ambisjonar om å nå toppen av slike lister som gir motivasjon til å skrive, eller om det er skrivelyst, fantasi og trongen til å vere kreativ som dominerer. Takk og lov for mangfaldet i bloggverda!!!!

forventning

Det er mange som slepp inn blogghjartedøra mi, for å seie det slik...

No skal eg liste meg opp på loftet og legge meg!

God natt til alle!

12 kommentarer:

  1. Det var et herlig innlegg lille venn:) Jeg er avhengig av lister, til eget bruk. Vi er bare to, en liten & en stor men ALT må klaffe - og da er det kjekt med lister. Bloggliste toppen etc har jeg faktisk ikke besøkt, ei heller skattelistene - men uannsett er det ett behov:) Jeg fortsetter å følge bloggen din, uannsett status:) Ha en superduper dag:) klem i fleng

    SvarSlett
  2. Et flott innlegg fra deg....
    lister trenger man...men jeg holder meg til mer hverdagslistene som handlelitse ol..
    Skattelister kikker jeg aldri på er ikke så veldig nysgjerrig på hva naboen tjente og betalte i skatt....
    Bloggliste toppen holder jeg meg osgå borte fra... Jeg blogger ikke for å toppe noen liste...Men har selvfølgelig all mulig respekt for andre bloggere og deres ønsker og behov...

    Hørte noen fortelle meg at jeg var på en dansk liste.. Litt skummelt når man ikke vet om det selv.. Vet ikke hvilken liste i Danmark det gjaldt...


    Men uansett nyt sommer dagene ..
    Klem kerstin

    SvarSlett
  3. enig med du..skattelistene syns jeg personlig er usmakelig:)....

    SvarSlett
  4. Dette var et kjempe bra innlegg - vi må finne vår stil. FLOTT :0) Du skriver veldig lett og greit - lesingen bare flyter i vei.
    En annen ting jeg lurer på hvordan får du skrift typen Papyrus som skrift type inn poå bloggen din. Jeg synes den er SÅÅÅÅ fin.
    Ha en fin dag :0)

    SvarSlett
  5. Ja....det blir mange lister i løpet av nokre kvardagar.
    Har liste på skriveblokken min stadig vekk :)

    Ha en hyggelig jonsokfeiring
    Klem

    SvarSlett
  6. Volda-tausa23/6/09 13:28

    I løpet av ei veke er eg innom ein del bloggar, då mange av mine vener, familie og slekt ellers driv med dette. Så er det eit par utanom eg kikar innom av og til. Slik som din. Det underfundige er kanskje at på mi liste over favorittar, ligg bloggen din på toppen, trass i at eg ikkje kjenner deg på anna vis. Årsaka til dette er nettopp at du tek lesarane med inn i ein kvardag som handlar om så mykje anna enn berre skildringar av enkelte personar og gjeremål. Du skriv ofte om det sjølv, du ynskjer å hente fram dei små tinga og øyeblikka som du set pris på. Det klarer du, du går lenger i "djubda" enn mange andre får til. Du skildrar hendingar og interesser på ein god måte som det står flott kvalitet av. Det gjer at eg synes Tankar i ein kvardag er ein interesang blogg som utmerker seg så mykje at den fortener å vere "listetopp" hjå meg. Du har laga ein blogg med klar signatur, det seier meg at du IKKJE treng å tenke på ranking på lister over bloggar. Eg trur du når godt ut til dei du ynskjer å treffe, og at dei som les er godt nøgde :)

    God jonsokfeiring!

    SvarSlett
  7. Enig med Volda tausa og dei andre.
    Vi ser innom deg fordi du skriv godt og meiningsfullt.
    Ha nydeleg Jonsok og ikkje minst skuleferie!

    SvarSlett
  8. Så eineg med deg, og desse skattelistene, kva skal det eigentleg være godt for? Det har eg aldri forstått. At det ikkje skal være hemmeleg kva folk tener er ein ting, men å trykke det i avisa, ja det er noko anna. Takke meg til handlelister og "to-do" lister, og ei og anna ønskeliste innimellom pliktene. Eg er ikkje med på NIB eller nokre andre lister då eg som du har funn ut at det ikkje betyr noko for meg, det blir slik som du seier, ein vert litt småkry ein liten augneblink, men så snart det slår ein kor lite det eigentleg betyr så er den vesle gleda over. Heller glede seg over det å stå på vallister og andre lister som verkeleg står for noko. Du har ein blogg som er kjekk å besøke, noko eg gjer ofte, både for å sjå dei skjønne borna dine og å lese kva Tove har på harte i dag:-) Og det beste er å lese ting som ein har svirrande rundt i hovudet og som du har klart å føre i penn på ein så godt måte. Nattaklem til deg:-)

    SvarSlett
  9. Interessant å lese listetankene dine :) Liker lister, eg... men helst lister som har med hus, heim og familie å gjere ;) Ha ein forsatt fin jonsok-kveld.

    SvarSlett
  10. NOk et tankevekkende innlegg Tove:)
    Jeg er dårlig på lister jeg.....lager de sjelden, og leser sjelden andres lister over andres diverse ting og tang.

    SvarSlett
  11. Fint innlegg om lister!

    Men...eg lurar berre på ein liten ting :)

    Må ein kome godt inn på blogglista før ein kan sei at den lista ikkje var så viktig?

    Er det då slik at om ein som ikkje er på lista skreiv at slike lister ikkje nødvendigvis er av det gode, ville eit slikt innlegg vorte sett på som misunning og syting...?

    Og er det fyrst når ein har vorten teken inn i varmen at ein kan sei at det faktisk er ganske kjølig der?

    ;)

    SvarSlett
  12. Nei, kjære Tove eg meinte ikkje at innlegget ditt var sytete. Det eg meinte var faktisk kun ei filosofering rundt dei listene, dei ti på topp og mest sexy osb. Dei er vanskelege å handtere fordi om ein ikkje har havna på dei, vert ein lett anklaga for å vere sytete og misunneleg om ein ytrar seg mot dei, ..altså har vore ein av dei 10..eller 100.

    Slik at den gyldne regelen fort vert, kun dei som har vore på lista har "rett" til å ytre seg nagativ om sjølve lista...

    Og eg sa vel heller ikkje at det var slik..eg berre spurde..spant vidare på det du tok opp i innlegget ditt...

    :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!