søndag 29. mars 2009

Sommartid...

På kalendaren står det sommartid i dag...

081

... ute står det skrive noko heilt anna...

069

Naturen tek ikkje omsyn til at vi vil ha slutt på snø.

 074

Nådelaus ligg Kong Vinter bak skyene og slår til når vi minst ventar det.

079

Aller kjekkast har han det nok når han ser at eg har hengt ut kle. Med ein gong han ser eg forlet heimen, slår han til og let det lave ned.

075

Berre så synd for han at husfrua ikkje let seg tirge! Om ikkje anna så gir det flotte fotomotiv, og så veit eg at sola har smelta all snøen før kvelden kjem!

064

Ute har snøen lagt seg over tulipananspirane mine. Men det gjer ingenting, Kong Vinter...

 066

... eg har tulipanar i reserve og kosar meg med dei!

054

Det står framleis mars på kalendaren, så eitt og anna snøfall er vel berre å forvente.

Men så lenge sola skin frå skyfri himmel, gjer det ingenting!!!

 061

Vonar den fyrste sommardagen din i år vert god

- med eller uten snø!

8 kommentarer:

  1. Sommartid..... ja dei kallar det så mangt:0) Men flott ute idag:0) Herleg at kveldane blir lysare og snart .....snart kjem varmen trur eg.
    Nyt søndagen Tove.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  2. Her ute på øya vingler også været fra strålende sol og bare veier, til melis-dryss og minusgrader...typisk mars...

    SvarSlett
  3. Vi let oss ikkje knekke av ei rid eller to!! :-D

    "Traff" forresten på ei sovande Sina i barnevogn i stad...ute saman med besteforeldra. Som ein liten engel låg ho der :-)

    SvarSlett
  4. For noen skjønne og deilige bilder du har tatt. Likte godt klestørken med snø på. Sollyset gjør det meste vakkert.

    SvarSlett
  5. Bildene ble jo supre da! Takk til snøen. ;)

    SvarSlett
  6. Jeg likte klesklypebildene!!
    Hilsen fra Ljo :O)

    SvarSlett
  7. Hei vennen.
    Har hat litt å lese nå, når eg ikkje värt hos deg på¨besök på en stund.
    Men slik er det når man ikkje har helsa med seg. Forkjölelsen herjer i Synnerska hjemmet...

    Nå Skal eg koke meg litt te.
    Så nå får eg önske deg en fortsatt go kveld.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  8. Ja jeg tok feil av tiden i dag, men det har iallefall ikke snødd her. Det drypper og drypper... og nærmer seg den varme årstid kjenner jeg, tross alt!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!