tirsdag 31. mars 2009

Påskesinke???

Etter noker sveip rundt i Blogglandia, kan eg lett konstantere det: eg er ei sinke. Eg er treig, ustrukturert og akterutsegla.

påske

Det er ikkje mykje heime hos meg som minner om påske. Eit gult påskelys innkjøpt på Kiwi står inst i eit skap. Dersom eg kjem på det kan det hende eg leitar det fram til palmehelga. Eg burde sikkert ha planlagt betre. Vore tidlegare ute. Kanskje endåtil ha kjøpt påskepynt på sal i fjor. Men eg må melde pass på alle punkt.

påske2

For meg er påska heilt annleis enn jula. Då startar eg planlegginga i oktober, innkjøpa i november og pyntinga tidleg i desember. Men ein påskepyntar er eg alstå ikkje.

påske3 

Det er ikkje fritt for at eg kjenner eit stikk av misunning når eg klikkar meg innom alle desse vakre påskeheimane. Greiner med pynt i kvar ei krå, kyllingar og egg i alle variantar, harepusar og kaniner. Det vesle stikket slepp ganske fort taket.  Eg er bekvem med min pyntestil og mine tradisjonar, samstundes som eg har stor respekt for andre sine òg!

påske4

Hos oss skal påskehøgtida fyllast med god mat, kvalitetstid ilag med familien, lange turar, seine kveldar og late morgonar, krim, kryssord, god sjokolade, appelsiner og kvardagar utan stress. Slik er vel påska for dei fleste.

påske5

Ikkje stikk vi hòl i egga og bles ut innhaldet heller. Gromguten er allergisk mot egg, så visse påskeaktivitetar hoppar vi elegant over her i huset.  Finaste påskepynten vår er greiner som vi plukkar ute. Dei er like fine utan egg som med egg!

påske6

Det skal nok bli påske hos meg òg. Når helgefreden senkar seg over huset på palmelaurdag, vil ein nok sjå at det er påske i min heim òg. Egga vi alltid har pynta med er på plass, pynten som ungane har laga står på stasplass i stova og stearinlysa skin i kvar ei krå.

Tusen takk til alle bloggarane der ute som inspirerer meg! Takk for at de opnar heimane dykkar og minner meg på at det snart er på tide å koste støv av egga og hønemor!

Bileta er lånte på flickr.com.

9 kommentarer:

  1. Det er ikke mye påske her heller enda....så vi er i alle fall to i samme båt. jeg kommer vel ikke til å pynte så mye heller,men litt gult er det jo koselig å ha ;-} Jeg har også beundret de mange påskeinnleggene rundt omkring,men selv har jeg hatt det alt for travelt i det siste til å lage noe bloggeinnlegg. Her hos deg er det masse fine bilder, og vettug tekst som vanlig ;-} Klemmer.

    SvarSlett
  2. Heia - da er vi fleir som er sinker ;)
    Har litt pynt her og der - men ikkje noe planlagt enda - sivert var på barneforening i går, og kom hjem med nydelige dekorasjoner - gleda meg til å sette dei fram ;)
    Og angra litt på at eg ikkje kjøpte noe meir i bya i dag
    Klemma fra monika

    SvarSlett
  3. Her er det ingenting som røper at det snart er påske. Jeg har aldri hatt særlig sans for påskepynt heller. Men kose oss skal vi og det håper jeg dere gjør også. God Påske!

    SvarSlett
  4. Slapp av....du er ikke alene i det minste!
    Her finnes ikke et egg pakket i avispapir med blonder rundt, her finnes ikke en kylling eller noe annet som minner om påske. Sannsynligvis kommer det ikke til å bli så påskestæsjet her heller. Jeg har ingen tradisjoner med det.
    Kjøpte forresten et par lubne høner i fjor. De skal få komme frem dersom jeg rekker å tørke støv først :-). Ellesr kan det være det samme.
    Det blir påske likevel sjø :-)

    Klem

    SvarSlett
  5. Stemningen du beskriver til slutt, høres upåklagelig ut. ;)))
    Jeg føyer til lammelårsmiddag. ;)
    Det må til.

    SvarSlett
  6. Godt å vite det er fleire i samme båten som meg! Tenk heller på alt det andre som vi er så gode på! Du har forresten den bloggen med størst kvalitet over av alle dei eg har vore innom. Takk for alle gleder!

    SvarSlett
  7. Hei der.
    Her har ikkje påska meldt seg enda. Men den kommer kanskje nå för lördag. Skal ha fram litt påskris med fjör og litt pynt i. Har de på trappen for lyser opp litt.
    Her i Norge har vi ju fastelavensris, det var vel i februar det om eg ikkje hugser feil.
    Men i Sverige har vi påskris og det skal egentli frem till Skärtorsdagen.
    Men vi får besök til helgen så da pynter eg litt nå.
    Håper dere får ei flott dag idag.
    Her skin sola og det ser ut og bli 5-6 plusgrader. Deiligt.
    Ha det godt nå.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  8. Hehehe!!
    Eg trudde det stod påske SKINKE! :-)
    Ja,ja.. då er vi i same båt frue... eg er heller ikkje så flink med påskepynten.. av ei neller anna grunn er eg ikkje så glad i alt det GULE heller.. ikkje lysegult i allefall...
    MEN jula derimot er noke heilt anna for meg også.. sjøl om eg ikkje pynta før lille julafta..

    MEN påske blir det vel uansett!

    HA ei flott veke!
    (he forresten tenkt på vesten din fleire gongar ;-) )
    Monica

    SvarSlett
  9. Synes bildene dine her under var flotte jeg!! Jeg får iallefall påskestemning av gåsunger og påskebroderi! ;-) Synes ikke husene trenger å være fullstendig overlesset av påskepynt...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!