søndag 4. januar 2009

Til eit einsamt menneske...

Eg var ute og gjekk tur ein kveld. Det var skumring, men likevel heldt dagslyset seg fast og den klare lufta gjorde det friskt og godt å vere ute. Langs etter vegen traff eg ei dame. Me gjekk kvar vår veg og hadde kvart vårt mål. Men i det augneblink me passerte kvarandre, møttest blikka våre. Ho smilte, men det låg noko bak smilet og i augene som fortalde meg om ei stor sorg. Det varte berre nokre få sekund. Kvar vår veg, mot kvart vårt mål. Eg skulle heim til eit hus fullt av ungar, liv og leven og ein kjær og god mann som venta på meg. Ho skulle heim. Berre heim. Ingen som venta. Ingen som lengta.

Til eit einsamt menneske

Du gjekk åleine i går

i knirkande snø

og vintersol.

Eg visste det ikkje.

059

Du sto lenge

og leita etter vårteikn

på seljegreinene

og fann det,

utan meg.

060

I stilt vinterlandskap

vandra du mellom trea

med kvitringa

frå usynlege fuglar over deg

som ei vellyst mot øyra.

Eg høyrde det ikkje.

061

Djupt i hjarta

gledde du deg

over å vera eit menneske

med levande sansar,

likevel felte du ei tåre.

Eg såg det ikkje,

men ville så gjerne

ha turka ho bort

og teke di hand

i mi.

Dette diktet er skrive av Alf A. Sæter og er henta frå diktsamlinga "Å henga hjarta sitt på ein rosebusk" frå 1990. I denne samlinga er det dikt for alt som livet gir oss; sorg, glede, undring, sakn, forelsking og kjærleik. Dersom du vil ha ei bok i samlinga di som du kan plukke fram når du treng nokre velvalgte ord, treng du denne. Eg kjem nok til å dele fleire av favorittdikta med dykk her på bloggen.

22 kommentarer:

  1. Med opplevinga di som ramme vart diktet endå sterkare - heilt nydeleg!

    Eg hugsar du har brukt eit dikt eller to frå denne boka før, og du skal ikkje sjå vekk ifrå at den havnar hjå meg.

    Takk for nydelege ord og bilder - endå ein gong!

    God sundag!

    SvarSlett
  2. Så vakkert skrevet, ble helt satt ut her jeg nå.

    Tusen takk for at du deler.

    SvarSlett
  3. Så vakkert skrevet, ble helt satt ut her jeg nå.

    Tusen takk for at du deler.

    SvarSlett
  4. Rørende dikt og historie...

    SvarSlett
  5. For et flott dikt, og ja, jeg tenkte på det nett hin dagen, at jeg skulle ha trengt noen velvalgte ord...Takk for tipset, skal rett på biblioteket å låne!!!
    Ja vi har vært på Kreta før, men det var i 2000, så det begynner faktisk å bli en stund siden! Vi reiser 16 juli, så vi håper på godt vær.....
    Gleder oss gjør vi i alle fall!!
    Ha en fin søndag, i morgen er det jobb og skole igjen.....

    SvarSlett
  6. Dette var et nydelig innlegg. Så fint du har skildra møtet med denne dama. Diktet til Alf A. Sæter passet så godt til situasjonen. Bildene dine like så. Jeg har også alltid likt dikt, og skriver endel selv. Har mange diktsamlinger i bokhylla.

    SvarSlett
  7. Vemodig vakkert.
    Klem Kate

    SvarSlett
  8. Eit fantastisk dikt til ettertanke. Eg hadde ei liknande hending i går, og mitt nyttårsforsett er å besøkje dei eldre damene som er naboar her rundt... Dei som har familia si langt unna, eller manglar familie.

    Godt å høyre at hadelandsglasa skal tole oppvaskmaskin ja. Det var nok berre ei svakheit i glaset, kanskje kombinert med press frå noko i maskina. Eg torte meg til å ha ei ny ladning glas i maskina i dag, men no står dei einsame kvart glas, med mykje rom rundt seg ja! Og nye glas står på ønskelista til neste jul og bursdag, heilt klart!

    SvarSlett
  9. nydelig:)God søndag

    SvarSlett
  10. Sterkt!! den skal jeg øsnke meg!!
    Har noe til deg hos meg...klem

    SvarSlett
  11. Takk for trivelige ord om Min Utvalgte. Måtte lese de for han, og han smilte litt i skjegget.Det er ikke hvær dag han får så flott ros.
    Morro at du likte bloggen min, for jeg likte din også. Jeg starter nyåret m 2timer kunst og håndtverk i en 10kl.Ikke som lærer men som barne og ungdomsarb. eller som assistent som det heter.Trivelig å være sammen med barn og ungdom. Opprinnelig er jeg fra Telemark, så når jeg ser du skriver nynorsk smitter det nesten på meg. Etter snart 30 år på sørlandet er ikke dialekten som den engang var.
    Men nynorsk er jo flottest da!!!
    Klem Kate

    SvarSlett
  12. Så utrolig vakkert skrevet!

    fortsatt god søndag.

    SvarSlett
  13. Så vakkert og vemodig.

    Klem

    SvarSlett
  14. Takk for tips:) Kan jo vere verdt eit forsøk ja.

    SvarSlett
  15. Flott skrive!¨
    Eg får besøke mange eldre i jobben min, og ser ofte at det er mange einslege og einsame der ute, som ikkje får så mykje merksemd at det gjer noko :/
    At du belyser det problemet er flott, noko til ettertanke for alle!

    SvarSlett
  16. Nydeleg innlegg Tove. Eg er veldig sentimental akkurat nå, satt og gråt over noko trist på tv. Fra virkeligheita. Og så las eg dette... Tårene trillar, kjenner gåsehud...
    Takk Tove for at du berikar kvardagen min.
    Klem

    SvarSlett
  17. Tankevekkende det der... Riktig godt nytt år til deg! :-)

    SvarSlett
  18. Hei

    Såg for meg kven du møtte på.. Veit om ei søt dame som vart åleine rett før jula ... men du bur vel ikkje så nær henne trur eg (utan å vite det heilt)

    Nydelig dikt, og vakre tanka!

    Monica

    SvarSlett
  19. ...forresten.. veldig fin den nye bloggen din :-)

    Monica

    SvarSlett
  20. Hei!

    Kan vere lett å gløyme at det er mange som ikkje har nokon å kome heim til. Ikkje eit einaste menneske som ventar på at ein skal kome heim etter ein tur..
    Eit varmt smil eller eit "hei" kan nok ha ei større virkning en vi tenkjer over.

    Denne boka med dei vakre dikta skal eg sjå etter, høyrdes utruleg fin ut!

    Helsing
    Ida Mari :)

    SvarSlett
  21. Hej! Jag har just hittat hit och upptäckt vilken skatt din blogg är. Tänkvärda inlägg varvas med mysiga inblickar i din vardag. Glada barn, pyssel och underskön natur. Kanske har din blogg ALLT jag söker i en blogg?

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!